Gå til innhald

Glykemisk indeks…

oktober 7, 2006

…og aktive karbohydrat. Eg har lete meg riva med av malstrømmen, og levd utan karbohydrat i ei veke. Sånn omtrent i alle fall. Ingenting brød, ingen frukt, ingenting med sukker eller mjøl i og ikkje noko ris. Eg har levd på egg og kylling,grøn salat, brokkoli, agurk, skinke og ost.

Det er det Atkins kallar introduksjonsfase, men eg trur eigentleg at ost ikkje er tillete i Atkins sin introduksjonsfase. Men dei andre på jobben som lever etter ketolysekuren, dei et ost…

Eg har vore litt ekstra trøytt. Ein kveld la eg meg før halv ti, og det liknar absolutt ikkje meg å ta så tidleg kveld. Dei sekstito trappetrinna opp til klasseromet har kjenst litt ekstra tunge, og ein dag kjende eg meg litt svimmel ei kort stund. Alt dette er i følge veteranane heilt normalt første veka, så sånn sett skulle det vera i sin skjønnaste orden.

Eg er litt overraska over meg sjølv. Over at eg kastar meg uti eit opplegg som eg eigentleg har så mange fordommar mot. Eg trur jo på trim og på mat med lite feitt, og på frukt og grønsakar og alt som godt er, men slike gyldne middelvegar ser ut til å vera vanskelege å koma i mål med. Då meiner eg for min eigen del når det gjeld akkurat dette.

Mykje rart har eg gjort på slankefronten, men det begynnar å bli grueleg lenge sidan eg gjorde noko som smakte så mykje av galskap. Kanskje det er på tide å sleppa galskapen til? Let in the clowns.

Dette er draumen me ber på at noko vidunderleg skal skje, står det i eit dikt. Eg legg ikkje skjul på at for meg ville det vera eit aldri så lite under om eg kom ned i normalvekt…

Men likevel vil eg gjerne ha respekt for, kor rart det måtte høyrast ut for enkelte, at overvekta på dei fleste måtar ikkje plagar meg i det heile tatt. Eg lever det livet eg helst av alt vil leva, lukkeleg plassert i ein sterk og frisk kropp som fungerer perfekt på dei aller fleste område. Eg trur ikkje at livet mitt, sjølvtilliten eller livsgleda ville bli vesentleg endra om eg gjekk ned sånn ca tretti kilo… Likevel, tanken er besnærande og helseaspektet er nok for meg det viktigaste i dette.

Eg er fortvila over alle som trur gleda og lukka avheng av gramma rundt livvidda. Eg synest faktisk at frodige damer er ganske flott og livsbejaande. Dei aller fleste er fine som dei er. Men eg innser at for mitt vedkomande hadde det sikkert vore lurt å gå ned i vekt.

Dette er kompliserte spørsmål, og verda er blitt sinnssjuk på dette feltet. Kanskje eg skal skriva ei bok om dette ein gong?

Den silregnar ute. Regnet står som ein foss over huset, og det er koseleg å vera inne. I dag skal me kanskje mala ferdig kjøkkenet. Eg har fått haustferie og det kjennest vidunderleg.

Viss nokon har motforestillingar til Atkinsbeslekta kurar, så har eg sikkert motforestillingane sjølv frå før. Men skriv gjerne ein kommentar, eg elskar diskusjonar. Dette er jo litt spennande og. Det blir interessant å sjå kor det fører hen. Men om eg sit her om ei veke med eit eple og ei grovbrødskive så har eg ikkje tapt prestisje, bare blitt ein erfaring rikare. Det vil jo vera interessant å få kartlagd om problemet for min kropp sin del er ein litt manglande evne til å forhalda seg til karbohydrat. Det litt upraktiske er jo at vanleg norsk kosthald er veldig karbohydratbasert.

Det står i boka at ein kan eta vanleg mat, men i Norge er det knapt nok vanleg kosthald å forsyna seg med masse kjøt og ingen poteter, eller å eta salatar i staden for matpakken sin. For svenske lesarar så kan eg fortelja at nordmenn et brød til tre av fire måltid. Medan de et varm lunsj sit gode nordmenn og alle norske skulebarn og et matpakkane sine. To skiver grovbrød med eit tynt lag ost…

Viss nokon om fire månadar smilar oppmuntrande og seier: “Så slank og fin du er blitt då, “ skal eg setja rolege auge og eit sjarmerande smil fast i blikket deira og svara at “Eg var jo ganske fin før eg starta og då…”

Lenge leve livet!

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Nydelelege Heidi! Leve galskapen!! Eg har veldig lyst å koma på Atkins-lunsj til deg:) Eg støttar deg i eksperimentet – og hugs no på å få litervis med vatn i deg!!

  2. Heidi: permalink

    Når kjem du? 🙂 Reiser til Bergen måndag morgon og kjem att onsdag kveld. Er elles open for det meste 🙂

  3. borghild permalink

    hvis dette ikkje funkar så kan du følge min kur! ikkje snop ol. + ein time sports club til dagen! 😉
    eg og tonje kjem i selskap i morgon!!

  4. Heidi: permalink

    Borghild:
    Velkomen! Eg et «aldri» snop, så det kan ikkje vera der feilen ligg… Og fri og bevare meg for spinningtimar etter å ha lese ditt referat… 😉 Tenk på alt ein får sjanse til å utforska her i verden…
    Veldig kjekt at dokke kan koma. 🙂

  5. Tintomara permalink

    VAD är snop?
    (Skulle vilja skriva en lång kommentar till den här texten men hinner inte nu!)

  6. Heidi: permalink

    Tintomara: Snop er det same som godis. 🙂 Eg vil svært gjerne lesa «en lång kommentar när du hinner det»

  7. synneva permalink

    all mogleg lukke til ven!
    Og ikkje for å øydelegga for deg, i grunnen er eg heil enig i det meste du skriv,MEN; egmå innrømma at eg kjenner eit stort velvære ved å no kunne ta fram gamle bukser att, som i lang tid har vore for små. Og 9 kilo mindre på ein månad gjer noko med meg. Positivt!
    Velkommen til ketolysekvelds snart! klem

  8. Heidi: permalink

    Eg er klar 🙂

  9. Jack Stoltz permalink

    Google is the best search engine

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: