Gå til innhald

Er du du?

oktober 14, 2006

Dette er spørsmålet denne veka frå min medvandrar Martin Lönnebo. Han skriv at eit menneske er kalla til å vera eit menneske. Verken meir eller mindre. Finst det eit menneske der inne når ein trekk i frå all påverknad og tek av seg alle masker? Eit menneske som utan større fakter er villig til å legga ned sin bit av puslespelet, slik at det store biletet kan bli heilt?

Ferien har vore god. Eg tok med meg kjærasten min og stakk til Bergen, medan Ingrid dreiv butikken heime. Me har budd to netter på hotell, kjørt langt med bil, snakka saman, høyrt radio og reist med ferger. Me har vandra gatelangs i Bergen, besøkt Odd Christian på hybelen hans, sett to filmar på kino og besøkt diverse salatbarar. Ein kveld snubla me over Hilde frå gata vår, som er i ferd med å fullføra mastergradsoppgåva si i psykologi. Me fann oss ein kafé og fekk ein god samtale. Kjærasten min har smugfotografert folk og bybilete og vore lukkeleg.

Eg kjøpte den siste biografien til Liv Ullmann, som var ei kjærleikserklæring til livet. Merkeleg nok høyrer eg akkurat nå stemmen hennar frå TV-en i sideromet. I går på fjernsynet såg eg ein puertoricanar som hadde sitte i dødscelle i atten år for eit mord han aldri hadde begått. Han slapp fri heilt overraskande fordi gjerningsmannen innrømma det han hadde gjort. Denne mannen sa at han prøvde å bruka raseriet mot dei som dømde han, som ei konstruktiv livskraft i staden for å bli bitter. Han hadde fått livet i overraskande gåve, og sa at han elska livet.

Nå har eg fått gjort mykje i dag. Brikkene i mitt eige vesle puslespel fell på plass. Nå vil eg ut og vandra gatelangs i oktobersola i mine nye røde og lilla skor, kjøpt til halv pris på UNO. Litt ør og sliten av denne merkelege ketosetilstanden som det har kosta meg overraskande lite å vera i, og med fred i sjela.

Eg vil gå der og prøva å svara på dette vanskelege spørsmålet om eg er eg. Og så vil eg stikka innom onkelen min ,som har fått koma heim frå eit langt sjukehusopphald sjølv, om dei ikkje har fått heilt bukt med betennelsen i kneet hans. Medan eg går der og tenkjer, vil eg be med Benny Andersen, den danske diktaren, noko han har skrive i diktet som heiter “Morgenbønn”: “Vis mig hvor jeg skal falde ind når den store musik begynder.”

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Synneva permalink

    Vekkert, Heidi! Vakkert!

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk!

  3. Synneva permalink

    Huff. Her sit eg og vil respondera på noko vakkert, også greier fingrane mine å skriva feil…! Beklager.
    Uansett: VAKKERT, Heidi, vakkert!!! (men det var jo ein «vekkert» og! )

  4. Heidi: permalink

    Og eg oppdaga ikkje vekkaren ein gong. Me sit viss her og skriv samtidig. Ha ein gild dag.

  5. synneva permalink

    nå fekk du ein mail og! 🙂

  6. Torhild permalink

    Du er du og du duger!Gler meg til å møta deg snart – og beundra dei nye skorne dine!

  7. Heidi: permalink

    Ja,du kan bare gleda deg, Torhild. I kveld skal eg på møte i Sandnes kulturskule 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: