Ketolyse.
Frå å vera ein skeptisk, søkjande tvilar, som ein kunne sagt det på det religiøse språket, så er eg i ferd med å bli ein glad truande. Kuren virkar så langt, eg går ikkje rundt og er svolten, og det er stort sett ikkje vanskeleg å fylgja reglane for korleis ein skal leva i dette merkelege lågkarbo-universet. Likevel. Eg veit at det er mange kapittel i ein kvar kur, ikkje minst det som kjem som postludium, men nå skal eg halda tunga rett i munnen, sikta langt fram og ta ei utfordring om gongen.
Det er frifredagen min, og det kjennest vidunderleg. Eg har motivert meg sjølv med at når eg var ferdig med å rydda kjøkkenet og stova, skulle eg få lov til å skriva eit innlegg på andedrakt, og nå skal den velfortente løna innfriast.
Ein liten minutt -observasjon, som eg meiner å hugsa at det heitte det heitte då eg tok lærarutdanning. To tilfeldige minutt frå Heidi sitt liv på eit fat. Vær så god:
Sunniva kjem fornøgd heim frå skulen. Ho ropar eit muntert Hallo og får eit Hallo tilbake. Ho slepp skulesekken ned på gang-golvet og går ut att.
Eit pling på mobilen. Eg må sletta gamle meldingar for å få plass til nye. Pling! Der kom meldinga på ny, og nå skal eg sjekka kven og kva…
Det var Jens som lova å finna leikar til opplegget for dramagruppa i Leik-og lærtimen på måndag. Eg høyrer bassen dunka frå radioen på kjøkkenet, og ennå luktar huset fårikål i frå i går.
Små lette fotspor, og ei klingande lita bjelle høyrest frå trappa. Ein av kattane våre tek turen opp for å sjå kven som er her, men spring ned att når det bare var meg…
Ute er himmelen lettskya, og bjørkene er i ferd med å bli haustgule. Nå skal finna fram jakke og sko og gå ut for å kjøpa det eg treng til ei sjokoladekake. Halvard skal feira bursdag i dag i lag med Endre, ein klassekamerat ,og mor har lova å baka kake.
Dagens visdomsord frå Veven er verd å dela med fleire:
– Gjerrighet gjer meg fattig, for den gjerrige får aldri nok.
– Barmhjertighet gjer meg rik, for å gje er å få.
– Utukt gjer meg liten, for det drep respekta for
menneskelivet.
– Kjærleik gjer meg stor, for kjærleiken er open mot det
grenselause.
– Hovmod gjer meg einsam, for det stenger meg inne i
meg sjølv.
– Audmjukhet er fellesskap for det opnar hjartet mitt.
-Fråtseri skjular mitt eg, for det lever i det utvendige
og det forgjengelege.
-Det enkle gjer meg vis, for det er som eit reint vindu
mot livet.
– Missunninga gjer meg heimlaus, for ho vil låna livet.
– Gleda gjer meg vakker for ho opnar seg mot livet.
– Svartsyn gjer lys til mørke, for augene blir blenda av
fortviling.
– Håpet får livet til å bløma, for håpet vender seg mot
framtida.
Livet mitt er mellom anna ein balansegang mellom kreativitet og opprydding. Helst vil eg skapa heile døgnet, men det blir så mykje rot av det.
Heidi
Vakre Heidi! Kloke ord frå han med veven:) Glad for at karbominus livet ser ut til å levas – du er du uansett!!Glad i deg – og for å kjenna deg!
Takk i like måte 🙂