Tillit skal vera min styrke.
Eg gjorde meg tankar om dette då eg sat i kyrkja i dag. Dette at eg er velsigna heldig som kjenner meg heime i livet mitt. Eg vågar å lena meg tilbake mot kjærleiken som ber alle ting og tenka at alt er på plass. Eg er ein del av noko mykje større, og eg skal få lov til å vera meg, ein liten del av heilskapen. Meir treng eg ikkje å ta ansvar for.
Når eg les andre bloggar, så skjønar eg at det er ei gave å ha det slik. Å sleppa å tenkja: vakrast, klokast, slankast, mest vellukka, mest populær, mest verd å elska.
Å sleppa å tenka: Livet vil meg vondt. Eg må vera i angrep. Eg må vera i forsvar. Eg må vera i forkant. Eg må slå ut med armane før nokon sparkar bein på meg.
Eg vel å seia med Kumbel:
Det er naivt å tro at dette liv
kan leves viss man ikke er naiv.
Dette høyrest viss veldig enkelt ut. Slik er det sjølvsagt ikkje. Eit kvart menneskeliv er ein nokså komplisert sak.
Så pass har eg fatta og erfart.
Likevel skulle eg så ofte ynskja at eg kunne formidla til folk som skriv på nettet: Våg å visa livet tillit.
Men eg innser at det er lett for meg å seia. Eg som klarer å tru at livet tross alt er tillit.- Kvilande i ein større kjærleik.
Heidi
Eg er ikkje heilt fornøgd med denne teksten. Vurderte ei stund å fjerna han, men han forstå der inntil vidare…
Korfor?
Fordi han er eit forsøk på å formidla noko som for meg er uendeleg viktig…
Får stå skulle det stå i kommentaren. Ikkje forstå. Det er viss på tide å parkera for kvelden…
Vakker tekst om viktig tema!
Du förmedlar det, dina texter ger mig ro 🙂
Dina texter ger också mig mycket.
Takk Heidi – disse ordene skal bli overordnede for meg fremover. Love you so much – higher then heaven…
Tusen takk for alle gode kommentarar til denne teksten. Som eg skreiv så var eg litt i tvil om korvidt eg hadde lukkast i å formidla den flammen eg hadde lyst til å løfta opp.
du kunne ikke tenke deg å komme og legge deg da?
M*in snag denne uka er fra Taizè:Ha ingen uro, ingen bekymring,alt du behøver har du i Herren!
EG meinte sjølvsagt :»Min sang» 🙂
Men det er jo dreis over uttrykket M*in snag då…
Sit her og jobbar med tekstar frå kurset i kreativ skriving. 😉 Skal adoptera sangen din i nokre dagar, han begynte straks å bokstaveleg talt synga i meg.
Fekk du mitt non-virtuelle brev?
Nei, ingen brev endå…