Teater, teater, teater…
Eg sit her og jobbar med omsetjinga av ein moderne Jeppe på Bjerget, eg let meg fascinera. Ikkje lett å slutta og skriva, men eg har bestemt meg for å ta kvelden i fornuftig tid.
Har akkurat nå fem teaterprosjekt gåande samtidig…
Og livet er ikkje verst scene det heller. Der er det duka for komediar og tragediar i lange rekkjer… Å spela teater sjølv kjem i neste rekke, etter jul Då gjeld det å stabla HC Andersen stykket på beina att og leggja ut på ein svært lokal turné til skulane i kommunen.
Nå har det regna i ein månad i strekk, trur eg. Det verste er at det er ganske koseleg. I alle fall innomdørs. I dag har eg vore på posten og send ein advenkalender til tjue-åringen min i Bergen! Eg fekk bare det innfallet at eg skulle pakka inn tjue små pakkar i gråpapir og senda han. Kan godt vera han synest han har verdas barnslegaste mor…
Og det har han kanskje og.
Eg får på meg ein del klede, som har vore for små ei stund, og det er sjølvsagt ei frydefull oppleving. I går då eg stilde i oransje kjole med store røde og lilla prikkar på størrelse med due-egg, grøn jakke og knallgrøne sko, sa Ingrid at eg såg ut som eg var klippa ut av ei biletbok av Vivian Zahl Olsen… Dama med fru Pigalopp og Flode.
Ikkje det verste ein kan bli samanlikna med det…
God natt, kjære lesarar.
Heidi
adventskalender 😉 så koselig!! eg og skal ha det i år, sjølv om eg er 20… hehe!
god natt, kjære tante 😉
adventskalender æ gjilt!!!!!!
du va kjempefine på syndag!!! du æ det alltid
Takk, takk 🙂
Fru Pigalopp….varme kjensler!Ja, du var fin på sundag,kjære!