Gå til innhald

Men særleg i valmuevekene…

november 28, 2006

…dei sanseleg raudoransje
med svarte munnar,
skal me finna einannan att.
Vest for engene,
ned mot fjøresteinane,
der bølgene kviskrar hemmelege ting
mot strandnellikane ,
som engsteleg klamrar seg
fast i trulaus sand.
Særleg då
skal eg hugsa
at det er deg eg skal dela jordbær med.
La safta renna fritt
frå munnvikene
og honningen bli mogen
søt og gyllen.

Eg sit og bearbeidar tekstar eg skreiv i sommar. Eg skal lesa dikt på eit psykiatrisk dagsenter i morgon. Torer eg å lesa nokre av dei nye sommardikta mine, mon tru?

Dette er eit førsteutkast, eller for å sei det meir nøyaktig den første bearbeidinga av ei skisse frå i sommar. Kanskje dumdristig å leggja det ut her, men ein får då by litt på seg sjølv… Eller…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Sanselaust gildt at nokon kan skriva lyrikk ein kan ta til seg og gå opp i, særleg i valmuevekene. Herrligt!!! 🙂

  2. Torhild permalink

    Her er kraftfull oransje energi!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: