Gå til innhald

Som julekvelden på kjerringa…

desember 25, 2006

Eg trudde dette var det året eg hadde god tid, så eg starta dagen med aviser på senga. Så var me sju til frokost. Eg burde nok ikkje teke det så med ro, for det blei utruleg travelt å nå alt eg skulle…

Eg brant meg på peikefingeren på venstre hand medan eg stod og strauk juledukane, som slett ikkje er juledukar men lime-grøne lindukar. Plutseleg stod eg der og tok på den varmaste delen av jernet, noko som førde til at eg resten av føremiddagen måtte jobba bare med høgre-handa, og ha venstrehanda i eit glas kaldt vatn.

Dessverre skjønar ikkje små og store barn at nokon må gjera ein innsats på julafta. Dei vil gjerne ta det med ro, sjå på tv og eta godteri frå julesokken… Og eg vegra meg for å øydeleggja gleda og bli ei masete hurpe, men eg kjende frustrasjonsnivået steig, då eg tenkte på kor mykje som stod att og at eg skulle ha seksten til bords om nokre timar. Etterkvart tok samvitet ca halvparten av dei, giss om det var jentene eller gutane, og eg fekk god hjelp i innspurten…

Halvard hadde ikkje finbukse, viste det seg, og det hadde eg ikkje tenkt på. Eg fann fram ei svart cordfløyelsbukse me hadde arva som måtte leggjast opp… Ikkje så lett å få til med bare ei hand, men det gjekk. Eg snurpa og sydde medan eg såg Donald Duck i lag med ungane. Eg skulle vore to stadar og levert julebrev og gåver, men berget kom til Muhammed. Begge partane kom til meg i staden.

I fjor var me så seine til julegudstenesta, at me fekk bare ståplass på galleriet. I år nådde me sitjeplassar same staden. Eg fann tilbake til ein tilstand av ro, då eg sat mellom Odd Christian og Sunniva i kyrkja og song julesongar.

Så måtte me innom for å sjå på ein griseskulptur i den vesle byen vår som venene til Odd Christian hadde kledd med marsipan i løpet av natta og bunde sløyfe rundt halsen på…

Og så kom gjestene. Maten var god og tempoet høgt. Me åt og opna mange hundre gåver, og kvelden vart avrunda med Singstar konkurranse. Eg skuldar bror min hundre kroner etter å ha tapt for han fire gonger på rad. Så var det rydding og til slutt var eg aleine med paven i Roma.

I dag har me ete oksesteik hos foreldra mine, og i morgon skal heile familien stå grytidleg opp og kjøra femti mil til svigerfamilien min. Men nå lengtar eg etter ein roleg kveld i heimen. Kanskje fyr i peisen og film på TV?

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Fred på jord, fryd på jord! Eg har vore i heimen med ein sjuk husbond idag.Kan ikkje hugsa at han har vore så magavond nokon gong. Men mor mi var her og laga deileg skinkemiddag – og resten av oss er friske og raske – og nyt smakfulle presangar og tv 🙂 God tur til austlandet, og takk for gilde gåver!Det oransje skjerfet vart innvia på høgtidsmesse idag!

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk, spesielt for den fantastiske gaven frå Maren. Me snakkast.

  3. May Brit permalink

    Takk for en fantastisk julaften! God tur til Oslo! Så sender eg ut eit ønske om at du & eg kan ta ein god spasertur saman i romjula! Uendeleg glad i deg syster!!!
    og Torhild – forsatt god jul til deg og dine! Stor varm klem!!

  4. morsan permalink

    Så du är inte sams med strykjärnet du heller 🙂
    Men jag brukar bränna mig på någon handled…

  5. Heidi: permalink

    Morsan: Kanskje det ikkje er meininga at sånne som oss skal bruka tid på stryking?
    May Brit: Nå er eg heime att. kjære…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: