Gå til innhald

Om fire minutt

desember 23, 2006

går me inn i den 24. desember, så det kjem nok til å bli datoen på lille-julafta-innlegget mitt.

Julefeiringa mi er veldig todelt. Først er det “Jul på skulen” som krev si kvinne fullt ut, men som samstundes er noko av det flottaste som tenkjast kan. Det startar 1. desember med adventsamlngar kvar morgon, tende lys, adventkalender, julesongar, skuleteater, foreldreforestilling med klassen og skulegudsteneste. Me har sunge julesonger til alle kan versa utanåt, me har stukke knappenåler med paljetter inn i isoporkuler, me har laga julekort og øvd inn ei lita forestilling med Jul i Kardemomme by.

Trappeoppgangen var full av glitter i dagevis, og elevane sat med tungespissen i munnvika og laga julebøker til ein annan. Eg og elevane mine hadde darmatisert Tolstoj si historie om den gamle skomakaren som me viste på skulegudstenesta og eg fortalde “Den heøiga natten” ute i morgonmørket for elevane i første klasse. Dei sat tett saman i parkdressane sine med nisseluer på hovudet og morgonen var lyst opp av brennande faklar.

Avslutninga i aulaen var fantastisk, den eine sivilarbeidaren vår er konkurranseturnar og sjonglør. Han og ein kamerat slo saltoar og flikk-flakkar og sjonglerte med ballar, knivar og brennande faklar… Ungane sat som tende lys og så på med vidopne auger og gapande munnar…

Så var det ferie og klar for julefeiring nummer to. Eg hadde akkurat pynta juletreet og stod og steikte peparkaker då far ringde for å fortelja at Borghild, mi høgt elska niese på tjue hadde fått krampeanfall i badekaret, og mor hennar hadde funne henne livslaus under vatn.

Ho vart frakta til sjukehuset i ambulanse, der ho fekk eit nytt krampeanfall natta etter. Eg var skikkeleg redd for henne, men då eg og mor hennar kom for å besøka henne neste dag var ho bleik, men fatta. Ho fekk reisa heim etter diverse utgreiingar. Legane trudde det var stressrelatert og ufarleg, men ho må ta det veldig med ro framover i jula. Eg trur du les dette Borghild, du skal vita at eg er så utruleg takknemleg for at mor di høyrde lydane og sprang inn med det same og for at døra til badet tilfeldigvis var ulåst. Pass godt på deg sjølv. Nå er det nok dramatikk for ei stund i storfamilien min…

Og nå har eg hatt eit roleg døgn og fått handla gavar, laga mange gavar sjølv, pynta, vaska og rydda. Me rakk til og med å besøka gode vener, overrekka gavar og ynskja god jul…Nå er alle vel i hus for natta. Det er så utruleg koseleg å ha alle heime. I morgon blir det skikkeleg familiefrokost, kjenner eg, og så skal eg ha seksten til middag, men far lagar store deler av maten og tek han med seg, så eg skal bare halda hus…

Menyen blir som vanleg. Pinnekjøt, kålrabistappe, kjøttkaker til dei som ikkje liker pinnekjøt og riskrem og moltekrem med krumkaker og kransekakestenger til dessert. Det skal bli koseleg.

Eg burde legga meg nå, det har vore travle veker.
God jul til alle saman. Måtte jord og himmel møtast.

Klem frå Heidi-

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    God Jul till dig och de dina!
    Det var ju förskräckligt med flickebarnet, hoppas det blir undersökt ordentligt vad det berodde på!
    Er julmat rä så helt annorlunda än vår, fast vi är brödrafolk! Jag trodde ni åt torsk itll jul? Vi ska äta julskínka med rödkål, köttbullar, prinskorv, grynkorv och janssons frestelse. Och sen sak det vara gröt… men det kan vi omöjligt orka så det får bli kaffe och julkaka (bakad av min pappa) och gröten får bli till kvällen.
    Då har jag ändå skurit bort och skurit bort av det sedvanliga julbordet. Jag tycker inte man ska äta ihjäl sig! Men harman en älskling med rötter i Skåne är det svårt! 😉

  2. morsan permalink

    Instämmer med Tintomara 🙂

  3. Borghild permalink

    😉

  4. Heidi: permalink

    Tintomara: Nokon et torsk, men det er nok eit mindretal. På austlandet er det vanligast med svineribbe med sprø svor og på vestlandet et dei fleste pinnekjøt som er salta og nokon gonger røykt oppskoren fåreribbe. Til det har ein poteter, smelta smør og kålrotmos. Gjerne risgrøt om dagen og på kvelden riskrem med rød saus= kald risgrøt blanda med vispa krem.
    Moltekrem er og vanleg. Molter= hjortron blanda med sukker og piska krem. Blir ofte servert til krumkaker eller sandkaker. Om kvelden skal det vera kaffi, og småkaker, helst sju ulike slag, frukt og nøter. Er alt dette ukjend i Sverige.

  5. Heidi: permalink

    ? Skulle det stå på slutten, var litt for rask på spara-kommentar-knappen. 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: