Gå til innhald

I hope it`s a good one…

januar 1, 2007

…without any fear… Eg låner orda til John Lennon når eg skal ynskja dokke alle eit godt år. Dei skal nynnast høgt på rett melodi, og vera helsinga frå meg. Høyrer eg nynning i det fjerne? Det trur eg sanneleg at eg gjer…

Ein viss grad av refleksjon høyrer liksom med i pakka når ein rundar eit årsskifte… Sjølv om det altså bare er ein dato… Fleire av vennene mine seier at dei kjenner eit snev av eksistensiell angst når datoen nærmar seg. Kva har eg lagt bak meg? Kor skal eg hen?

For meg har året vore godt. Mot slutten av året fekk eg eit par alvorlege støkkar. Syster mi, som i full fart måtte kreftopererast, og som fekk friskmeldinga omtrent samtidig som ho fekk diagnosen, fordi det vart oppdaga i tide. Borghild som vart berga då det kunne gått heilt gale under eit krampeanfall. Og Fredrike som eg ikkje kjende, men kjende litt likevel, som plutseleg ikkje var der lenger. Det minner meg på kor skjørt livet er, og om at det er nå me lever, og kan ta vare på einannan.

Eg har vore kreativ og engasjert. Heilt til smertegrensa, og kanskje nokre centimeter over over av og til. Eg har vore levande, og eg har vore sliten. Jobben min har vore utruleg utfordrande, og eg har hatt mange teaterprosjekt og skriveprosjekt gåande samtidig heile tida. Truleg er det noko av prisen med å ha engasjement og skaparbehov at det til tider blir ein balansegang mellom skaparglede og plikter. Det er heile tida desse tinga ein har trang til å gjera og glede over å gjera, så er det desse tinga ein må gjera, og så det dei som kan kjennast mest belastande: Desse tinga ein gjerne skulle eller burde ha gjort, og bare ikkje rekk å gjera…

Er det for eksempel rett prioritering å skriva tekstar på andedrakt når ein burde vaska klær og rydda skrivebordet? For meg er det det. Det handlar om å leva, å vera levande, å få lov til å skapa. Samtidig må ein vera vaksen nok til å sjå konsekvensene i augene: “Velkomen inn, i gangen flyt det tjue par sko, og kjøkkenbenken er ikkje rydda, men eg er glad for at du kjem likevel.”

Men eg trur eg skal justera kursen litt i året som kjem. Bittelitt… Prioritera kvile og ro litt høgare. Bittelitt i alle fall… Måtte Gud og englane visa meg korleis eg skal få det til…

Midt i alt dette. Eg er utruleg heldig som kan trekkja over meg denne usynlege kappa av tillit og gudstru som beskyttar mot alle krava frå meg sjølv og andre. Eg kviler i ein større tillit. Eg er elska av Gud, i kraft av å vera menneske. Eg treng ikkje prestera. Eg skal bare vera i det som skjer. Bruka gåvene mine når eg kan, og ta i mot av andre sine når eg kjem til kort. Eg skulle ynskja eg kunne dela dette ut til alle eg kjenner, for for meg er det denne tilliten og kjærleiken som held livet mitt oppe. Men trengja seg inn i andre sine liv med usynlege kappar, det verken kan ein eller får ein lov til.

Nå er det nyårsdag. Familien er litt slitne etter dagen i går, og me er ikkje komne lenger enn til ein ambulerande frokost sjølv om klokka er over eitt. Eg og kjærasten min åt for ein time sidan. Svart kaffi, egg og bacon. Nå et Ingrid og Oddvar der nede. Dei andre har ikkje kome seg til bordet endå. Ute ausar og sprutar regnet ned. Eit nytt år har begynt. Kjærasten min sit på sida av meg og jobbar på datamaskinen sin. Han spelar musikk. Sigvart Dagsland: “Se så lykkelege di e”… Songen om korleis ein lett kikkar inn i andre sine liv og trur at livet deira er enklare enn sitt eige.

Halvard kjem inn med ein pose snop som ikkje vart eten i går, og spør om han får lov til å eta nå. Me startar det nye livet lettsindig og romsleg og gjer han klarsignal…

Nyttårsafta er ein av desse dagane med høge forventningar rundt seg. Eg ser på ungane mine, og kjenner eit stikk av engstelse. Kjem dei til å bli skuffa? Blir dette som dei hadde tenkt? Halvard hadde gledd seg i dagesvis til fest og nyttårsfyrverkeri. Han var på fest i lag med foreldra sine. Me åt elg, rosenkål og purre i lag med venner. Elleve vaksne og fem barn. Det var fint. Me sat der med dei levde liva våre. For nokon hadde 2006 vore eit vanskeleg og krevande år. Men me sat der alle saman, klare til å støtta einannan og klare til å gå vidare.

“Han kjøre sykkel mod stjernene,” syng Sigvart Dagsland. “Takk til vår Herres vesle bremseklosse som kjøre sykkel mod stjernene…”

Sunniva var på nyttårsfest aleine for første gong. I lag med femti andre frå den kristne ungdomsgruppa ho går i. Ho var nok litt spent då ho gjekk, men då eg henta henne kvart over to, møtte ho meg med ein nyttårsklem og stjerner i begge augene. Dei to eldste feira med kvar sine venner. Eg håpar dei hadde det fint dei og.

Og ei romjul er lagt bak oss. Det har vore travelt men fint. Me er mest ute av trening med å stabla alle ungar og ungdomar inn i bilen og dra på tur alle saman, men det har me gjort. Slike turar blir ganske travle, men eg er glad for at me fekk det til. Dette kjem eg til å hugsa, trur eg:

Svigermor, som hadde brukt heile dagen på å laga juleselskap for alle barn og barnebarn. Svigerfar som haldt tale for henne og takka for alle åra dei hadde fått ha i lag, og for alle barna ho hadde gitt han. “Du fødte dei og oppdrog dei, eg bare var der i bakgrunnen ein stad og dreiv med mitt…” Han er åttiseks år gammal ,og beklaga at han ikkje hadde hatt tid til å førebu seg på talen, men me merka at det han sa var noko det var viktig for han å få sagt.

Eg kjem til å hugsa barnebarna som spelte Super Mario og Gianna Sisters på farfar sin eldgamle datamaskin, fordi dei pleidde å gjera det då dei var barn, og at dei sat rundt kjøkkenbordet og spelte vri-åtter på nye og intrikate måtar med to kortstokkar, samtidig fordi dei skulle ha nok kort. Farmora som serverte dei store mengdar risbollar på eit fat medan dei spelte, og at me alle ei stund haldt fast på ein slags illusjon om at dei framleis var barn og at alt var som det alltid hadde vore.

Minnet om svigermor som kokar te og kaffi og dekkjer bord når me eigentleg har sagt at me må gå, og stearinlysa i adventstaken som brenn ned medan me et smultringar og krumkaker, “ei krumkake igjen til kvar”, var instruksjonen.

Så var det velsigna godt å sjå vintersola og lyset. Her har det omtrent bare regna i fleire månadar. Det var ikkje snø på austlandet heller, men fuktig ver og frost gjorde at det låg fleire cm rim på bakken slik at det vart kvitt og lyst. Me hadde ein bytur. Eg gjekk på Karl Johan bak kjærasten min alle ungane og filosoferte over det litt absurde i at dei små mjuke ungane mine er blitt store og vaksne. I alle fall to av dei… Midt i sentrum var det ein kunstfrosen skøytebane der menneske i alle aldrar dansa til musikk frå høgtalarar. Vakkert.

Så var det lang kjøretur heim, og føremiddagen etter: lunsj i heimen for gode venner med nybakte rundstykke, pastasalat, gjærkringle og julekaker. Me hadde lukkast i å få med oss til og med dei aller fleste tenåringsbarna våre, og dekka bord til seksten. Mellom lunsjen og kaffien hadde me singstar-konkurranse mellom vaksne og ungdommar, som ungdommane vant med glans…

Og så er det januar. I morgon begynnar skulen så smått.
Eg er vel sånn nokonlunde klar, sjølv om eg nok kunne ha trengt litt meir ferie. I dag er det fadderselskap for fadderbarnet Maren. Dessverre ser det ut som om alle dei andre er så metta på selskapslivet, at dei eg deler hus med melder pass… Dei om det… Eg må viss leva med at på visse område, som for eksempel sosial omgang og selskapelighet, så er eg den mest uthaldande her i huset… Eg trur det kan vera ei påkjenning for ein del av dei andre at eg helst vil leva med fullt hus og kokande liv mest døgnet rundt. Nå skal eg pakka inn ein liten engel til Maren og laga eit nytt avsnitt i den vesle boka eg skriv i til henne kvar dåpsdag. Det vil seia viss eg finn boka…

Og så må eg rydda litt, vaska klær, pakka ut etter Oslo-turen, kanskje til og med rydda skrivebordet. Lesa eit par manus, koma i gang med å skriva eit tredje, gå meg ein lang tur, og få meg litt søvn før det brakar laus…

Til dei av dokke som las heilt hit… Ha eit velsigna nytt år. La oss støtta einannan vidare.

Heidi

From → Uncategorized

18 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    Takk, Heidi!!! Eg les tekstane dine så snart dei kjem- og finn mykje der, kvar einaste gong. Du er midt i livet, meir levande enn dei fleste, skapande, kreativ. Takk for alt du gir og deler gjennom bloggen din!! Godt nytt år!!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk skal du ha 🙂 Nå har eg stokka litt på nikket ditt, og trur eg veit kven du er. Nyttårsklam til deg. Nå hadde eg så mykje på hjarta at eg skriv denne teksten stykkevis og delt. Er redd for å mista han viss eg brukar for lang tid, for det har eg opplevd før…Så du har bare fått med deg den første tredjedelen eller noko slikt. Nå skal eg skriva slutten.

  3. Ukjend's avatar
    inger permalink

    Kjære gode venn! Takk for kappa du vil dela med meg, du som ein gong ga meg ei salme i gåve: «Men tillit skal vera min styrke!» Takk for alt du gir og alt du er!! Godt nytt år!!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, Inger. Ta hys på kappen!

  5. Ukjend's avatar
    morsan permalink

  6. Ukjend's avatar
    Borghild permalink

    godt nytt år 😉

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Du og Borghild 🙂

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Jarfeld: Av og til går tanken fortare enn fingrane. Det var ein nyttårsklem eg bøyd på, ikkje ein nyttårsklam 😉

  9. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Önskar dig allt gott under det nya året!

  10. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    Ja, eg trur nok du veit kven eg er, eg er ein som ropar i ørkenen- og har vore der lenge. Nå har eg lese resten av strofene dine- og blir meir og meir imponert av alt du maktar. Kappa treng me ta på oss, eit skydd mot alle krav og all uvisse. Dagen i dag vart ein dag til ettertanke, i dag sløktest ei stjerne på himmelen, brått vart livstråden kutta. «Så som i himmelen»- filmen fra 2004, det er mykje sant og vist og klokt der- slik som i spaltene dine. Takk, for alt du deler, Heidi. Ha eit velsigna nytt år, og eg les- alt….

  11. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Velsigna år til deg og Jarfeld.

  12. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Och allt det godaste til dig Tintomara. 🙂

  13. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Takk for styrkjande tekster du skriv og for den du er! Og ja, me må få til gode møte i 2007. Så kan me jo freista minna kvarandre på at hus og heim treng oss litt meir…..hehe.. godt å vita at me har utviklingspotensialer……..

  14. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Fleire gode møte til folket!

  15. Ukjend's avatar
    Skylla permalink

    God fortsättning på det nya året, fina fina Heidi!

  16. Ukjend's avatar
    Rato permalink

    Kjære Heidi,
    Så gode, fine og kloke tankar om livet, om åra som var og dei som kjem. Takk! Og alt godt i det nye året!

  17. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Rato og Skylla: Takk det same 🙂

  18. Ukjend's avatar
    Kesia permalink

    Må berre få leggja mi røyst til adle dei flotte kommentarane her! Vakre, skapande og alltid så nære Heidi! Kva skulle eg gjort utan deg, du mi lilje, mi syster!

Legg att svar til Skylla Avbryt svar