Gå til innhald

Furet, værbitt over vannet

januar 15, 2007

med de tusen hjem…

I går morges prøvde eg ut ein teori. Eg stod der og skulle koka meg eit egg til frokost. Då hugsa eg at Elin på jobben min hadde gitt ei oppskrift på perfekt timing på blautkokte egg: Legg egget i kokande vatn, og syng to vers av den norske nasjonalsongen. Når du er ferdig med siste linja i andre verset, tek du egget opp. Du vil oppdaga at det er akkurat passe kokt, kort sagt heilt perfekt.

Dette måtte jo prøvast ut. Ho som gav meg oppskrifta presiserte at det ikkje talde å synga inni seg…

Heilt perfekt timing. Det må bare innrømmast. Kor vidt dette funkar med den svenske eller amerikanske nasjonalsongen, sjå det torer eg ikkje uttala meg om…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Blaukokta – är det löskokta? elelr har det med blå att göra, alltså väldigt hårdkokta?
    Jag tror bara jag kan första versen på er nationalsång, men man kan väl ta den två gånger?

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Blautkokte skulle det ha stått. Skal retta det nå… Det er löskokta, ja. Første vers to gonger burde gå bra. Imponerande at du kan eitt vers. Måtte kjenna etter om eg kunne den svenske nasjonalsongen, og det kunne eg faktisk. Første verset pluss siste linja För jag vill leva jag vill dö i norden. Er forøvrig ikkje overbegeistra over den norske nasjonalsongen… Han er veldig -nasjonalistisk…

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    men nationalsångerna skrevs ju på den tiden när det var inne att vara nationalistisk. Vi får väl ha det i åtanke.

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, men på eit eller anna vis så synest eg dei andre skandinaviske nasjonalsongane er meir sympatiske. ..

  5. Ukjend's avatar
    borghild permalink

    haha! ser det for meg!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Borghild: Eit vakkert indre bilete, ikkje sant?

Legg att svar til borghild Avbryt svar