Gå til innhald

Mor, far og barn…

januar 27, 2007

Som oftast er eg mor i den konstellasjonen. Til ganske store barn til og med… I går alternerte eg i rolla som barn… Mor og far kom om morgonen og henta syster mi og meg, og så reiste me saman på dagstur til farmor.

Akkurat som då eg var barn, sat syster mi og eg i baksetet på bilen, og akkurat som då måtte ein del av vegen tilbakeleggast i båt. Heilt som før, så var mor engsteleg for vindane som ho gjekk ut i frå ville føra til høg sjøgang…

På det varme kjøkkenet til farmor vart me serverte fiskesuppe og karbonadar. Den einaste forskjellen i frå før, var at me faktisk fekk lov til å hjelpa til med matlaginga. Medan me sat der og åt, fekk eg ganske mange flashbacks frå barndomen. Det var som ein slags tverrsum av alle dei gongene eg har site der med foreldre og sysken og småprata med farmor. Men før maten og samtalen kom alltid den litt høgtidelege, tause stunda då besteforeldra mine folda hendene for å be bordbøn. Mor fekk ofte eit litt sjenert eller brydd uttrykk i ansiktet under den seansen, for heime hos oss var me ikkje så vane med bordbøn.

Eg såg for meg farfar. Farfar var ein stor og sterk mann med dei kraftigaste armane eg har sett på nokon mann som aldri har sett sine bein i eit treningsstudio. Han var gardbrukar og alltid veldig svolten då det blei ropt inn til middagsbordet klokka tolv på føremiddagen. Då bretta han opp armane på flannellsskjorta si, og vaska hendene lenge og grundig i utslagsvasken borte ved stovedøra. Etterpå drakk han vatn frå ei stor flat metallause, som hang over vasken til nettopp det bruket.

Farmor har jobba seint og tidleg, så lenge eg har kjent henne. Hendene hennar har aldri likt å vera i ro, og ho var den einaste vaksne dama eg kjende som truleg likte seg betre i blå bevernylonskjeledress enn i finkjolar.

For ei veke sidan runda ho nitti år, ein dag ho gjekk i møte med stor ulyst. Ho har alltid vore livredd for å bli gammal, trenga hjelp og mista arbeidskapasiteten. Heilt til nå har ho vore utruleg sprek, men har opplevd at dei fleste jamnaldrande, døyr, blir hjelpetrengande eller senile. Ho har heilt sidan eg var lita sagt at skikkeleg gammal, det håpar ho aldri ho skal bli. Noko av det tøffaste med å fylla nitti trur eg er å innsjå at nå har ho faktisk blitt akkurat det.

Etter å ha hatt jernhelse i alle år, har ho dei siste par månadane vore plaga av at hjartet begynnar å slå ukontrollert. Det er ikkje direkte vondt, men veldig anstrengande, og sjølvsagt blir ho redd når det skjer, sjølv om ho ikkje heilt vil innrømma det. Legane har gitt henne nitroglyserin, men det ser ikkje ut til å hjelpa stort, så truleg er det ikkje anginasmerter. Kanskje hjartet rett og slett begynner å bli slite etter lang og tru teneste?

I går måtte ho til og med leggja seg på sofaen eit kvarters tid, og det er bekymringsverdig lite likt henne. Litt engsteleg spurte eg: “Bankar hjartet ditt fælt nå farmor?” Ho svara kontant: “Ja, det gjer det, men det ville vera langt verre om det ikkje banka…” Det einaste som er kvikkare enn hendene til farmor, må vera tunga hennar. Når ho blir ivrig får ho sagt dobbelt så mykje som dei fleste andre på omtrent same tida…

Då me drakk kaffi saman og snakka om alt mogleg var alt som før igjen. Stova var eit hav av vakre blomar frå slekt og naboar i samband med nittiårsdagen. Orkidear, kalaer, chrysantemer,alpefiolar og primulaer. Farmor har alltid vore veldig glad i blomar og flink til å då dei til å trivast.

Farmor interesserer seg for alt som foregår i verda. Ho står nødig over ei einaste nyheits-sending i radio eller tv og vil gjerne reflektera og diskutera saman med nokon. I går var det tydeleg at ho ikkje hadde lyst til å sleppa oss heim att. De kan vel bli ein halvtime til, sa ho fleire gonger då me antyda at det kanskje var på tide å ta fatt på heimvegen. Då me reiste var ho med ut for å klemma oss. Ho vart ståande på trappa og vinka. Ei lita kvithåra, men framleis rank kvinne med skjortebluse, tøfler og lyse langbukser. Me vart litt engstelege for at ho skulle bli forkjøla, og prøvde å vinka henne inn att i den varme stova.

På veg ned bakken, hylte mor til akkurat som i barndomen, fordi bilen begynte å skli på det glatte føret, og akkurat som den gongen spanderte far tyggis for at me ikkje skulle bli bilsjuke i baksetet. Det var tilløp til snøstorm på heimvegen, og vegane var stygg-glatte. Eg var sjeleglad for at eg har ein framleis ung far, i sekstiåra, som etter ein lang karriere i politiet er ekspert på glattkjøring.

Sjølv ville eg kvidd meg for å kjøra ein kilometer på det føret. I veldig kjend stil oppfordra mor han på det sterkaste til å ta ein omveg via hovudvegen der det truleg var mindre glatt, og akkurat som alltid meinte han at han hadde full kontroll. Mor spanderte varme pølser på båten heim, og me fekk ikkje lov til å betala våre eigne billettar.

Eg har ei kjensle av å ha vore på dagstur tilbake til barndomen. Det kjendest fint. Og det å få lov å ha ei farmor til ein er førtifem år er vel heller ikkje ikkje så verst. Men eg held fast av alle krefter. Me vil ha deg lenge ennå, farmor… Og eg vil prøva å treffa deg oftare.

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Takk, Heidi, for reisa attende til farmor!! Det er snart 40 år sidan eg som sekstenåring stod ved kista til Synnøve, farmor mi, for å leggja ner krans. Livet hennar var på ein måte som eit eventyr, 27 år gammal gifte ho eg med ein kar som var 41 år eldre- og fekk fire barn med han. Då eg las soga di om den lange reisa til farmor, kjende eg meg att i mangt og mykje. Me fór og med bil, båt og ferge- og fekk små lånte timar hos farmor. I dag har du gitt meg ein gløtt attende til ei kjær tid, då høgdepunktet for oss ongane var å få vera med den lange reisa til farmor og hynsa hennar. Som eg saknar den glade låtten og den gode maten ho lagde til oss. Det var himmelen på jorda å koma dit. Så velkomne me var- og så tungt det var å seia farvel. Reis til farmor så ofte du kan- måtte ho få leva lenge i landet og vera farmor i lang ei tid…….

  2. anne karen permalink

    Dette var rørende Heidi…eg kjende meg igjen i alt…tok meg med tilbake til barndommen.Jeg er stolt av våre besteforeldre.Dei er ett godt forbilde…trygge,sterke og kloke mennekser.Farfar var så sterk en kar.Husker hvor hardt han gav oss klem….som om han klemte pusten «or» oss…ingen sjans til å komma oss unna.Vi hang fast i dei store armene.Han var og fæl til å «kittla»oss.Kunne ikke gå forbi han der han satt i stolen sin i stua,uten ein lang arm kom og fanga oss inn til hans fang.Jeg hylte og lo…like spennende hver gang.
    Husker så godt en gang jeg var med min vennine til kirken.Da det var slutt og alle var på vei ut,så jeg farfar…jeg snek meg frem i køen,for å nå han igjen.Der på kirketrappen kom jeg bak han og kløp han i baken.Han hoppet til, og var svært overgitt hva dette var.Jeg glemmer det ALDRI!!! Da han kikket ned og oppdaget at det var meg, han flirte og sa:»Nei, er det du?!» Han lo av dette i mange år etterpå om den gangen han blei «klåpen» i baken på kirketrappen.Jeg ler den dag i dag om episoden…Savner han veldig.Det gjør også farmor.I en alder av 90, så begynner hun å kjenne årene som har gått.Hun har vært heldig med en så god helse i så mange år.Håper vi får ha henne i en stund til…Hun synest livet er forsatt spennende og er nyskjerring på verdens utviklingen.Hun har opplevd ganske så mye..Mye har skjedd siden 1917.

    I dag har jeg og jentene mine vært ute og benyttet oss av fin været.Sol og snø om hverandre.Plutselig kom vinteren.Det er jammen slitsomt å renne på kjelke.Har ikke den kondisen som jeg en gang hadde….kan du forstå det??;-)

    Det var veldig koselig at du,din søster og onkel Odd hadde tid til å ta en tur bort til oss på fredag.Satt stor pris på det.Velkommen snart igjen!
    God klem fra din kusine

  3. Heidi: permalink

    Takk, Jarfeld. Eg støttar deg i den siste velsigninga. Tenk så mange historier det finst i heilt vanlege familiar. Og kor mykje spennande det kunne vore skrive om heilt «alminnelege menneske». Tenk å gifta seg med ein som er 41 år eldre. Merkeleg tanke.Kunne ha skrive masse både om mormor mi og farmor mi. Kanskje eg gjer det ein dag…

  4. Heidi: permalink

    Karen: Det var så kjekt å helsa på deg. Me skulle hatt meir kontakt. Eg og saknar farfar. Noko av det mest rørande med farmor og farfar er kor høgt ho beundra mannen sin og kor glad ho var i han. Eg trur aldri eg har sett noko menneske setja mannen sin så høgt… I hennar auge var han verdens mest perfekte menneske, trur eg. Leif spurde henne ein gong nokre år etter at ho var blitt enke om ho kunne tenkja seg å gifta seg på ny. (At han kunne koma på å spørja om slikt) Då lo ho lenge og hjarteleg og sa: «Og slik seier du til meg som aldri har sett på andre menn etter at eg møtte Lars.» Ganske rørande. Trur dei traff einannan omtrent då ho vart konfirmert…

  5. RaTo permalink

    Kjære Heidi, Takk for at eg og har fått anledning til å koma inn i di verd her! Det gir mykje, og eg gler meg alltid til å sjå kva du har skrive i helga ? Og dette trigga barndomsminna mine og. Nett ei slik ause ved vasken hadde dei hos min Besten og Besta og! Eg minnest Besta sine kraftige armar som støtt var travelt opptatt med noko, og så kvardagsbrillene som var teipa med plaster på sida ? Eg ser for meg utedøra på garden åpen ein fin sommardag. Og eg kunne sjå rett inn på kjøkenet, rett mot den breie, trygge kroppen til Besta der ho stod og vaska opp ? nynnande på «Ei liti jenta eg lærde kjenna, og hennar navn det var Anna Li ?» Den skillingsvisa kunne eg på rams i mange år. Eller den gongen bror min og eg stod i døra og såg ut på mjuksnøen som låg som ei urørt dyne over tunet. Det var kveld, og ljoset fall mjukt frå utelampa på stabburet. Besta trekte på oss lag på lag med lubbar før me så fekk springa og leika oss i snødyna! Det var som ei eventyrverd, og føtene var lette som vengjer. Takk, Heidi! Ha ei fin veke!

  6. Heidi: permalink

    RaTo: Koseleg å høyra om dine besteforeldre og 🙂

  7. Torhild permalink

    Nydeleg—-kjenner att redd mor i forsetet – og tyggi til ungane… Flott tekst!

Kommenter innlegget