Gå til innhald

Nå vil æ farra…

februar 2, 2007

ikkje te Mexico, men til Kristiansand for å ha jentehelg, med gode venninner frå lærarskulen. EG Må bare skriva eit par linjer her. Veka har vore lang og begivenhetsrik. I dag har me innleia teatersesongen eg og Jan Ivar. Etter å ha øvd i nokre veker på å ta opp att HC Andersen stykket, som me har vore på turné med to år tidlegare, var det sesongpremiere i dag. Eg er alltid nervøs, for i ei forestilling på femti minutt er det mykje som kan gå gale. Men me kom oss vel i havn, og eg pustar friare fordi eg kjenner at nå er stykket på plass.

Ungane har funne hamsterungar som sprang omkring i snøen ute i skogen… Nokon som var lei av kjæledyra sine, og fortalde ungane at dei skulle få bu i skogen? Etter å ha tint opp skjelvande og nysande hamsterar i varmen på badet vårt, har me nå tre nye kjæledyr. Det vil sei den eine har me gitt bort. Heimen vår har fått eigen avdeling for heimlause dyr. Det var dei dyrekjære ungane våre som kom heim med begge kattane etter tur, som forkomne kattunger ingen ville kjennast ved på tross av diverse plakatar me satte opp i butikkane…

På sundag skal eg fortelja i førti minutt for vaksne. Eg må øva meir på togturen. Eg skal fortelja heile Ruts bok frå bibelen utan manuskript, så det er mykje å halda styr på. Nå er det toget neste, og eg gler meg som ein unge til å vera på tur heilt aleine med venninner.

I neste veke skal eg utvida motet mitt og utfordra flyskrekken. For første gong i mitt liv skal eg i småfly. Det vil seia eit med tjue seter eller så. Eg er nøydt til å reisa ganske langt i forbindelse med noko på jobben, og grøssar langt inn i sjela når eg tenkjer på det… Men frå å ha frykteleg flyskrekk heilt til for tre år sidan, så er eg blitt sååå flink til å fly vanlege fly. Say a prayer for me…

Men nå må eg springa. Skulle tatt seg ut å bli for sein.
Skrivefeila får heller vera her så lenge…

God helg

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. May Brit permalink

    Kos deg på tur!

  2. Torhild permalink

    Håpar du hadde god helg med jentene!!Lukka til med flytur – eg har eit syskenborn som driv med endå mindre fly viss du har lyst å sjå nærare på nærmiljøet ditt frå lufta:)

  3. Heidi: permalink

    Takk, har hatt ei herleg helg. Det å sjå nærmiljøet mitt frå lufta har eg viss ikkje større trang til, trur eg…

  4. Kesia permalink

    I will say at least two prayers for U! Så berre flyg du!

  5. Heidi: permalink

    Lukkeleg landa 🙂

Legg att svar til May Brit Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: