Gå til innhald

Sidan kvelden ikkje

februar 14, 2007

vart som eg hadde tenkt, så unnar eg meg eit lita økt på Andedrakt. I dag skulle eg i veg på ungdomsskulemusikal. Fire jenter frå tenårings-teatergruppa mi skulle vera med på ei stor forestilling saman med resten av tiandeklassingane på skulen sin. Dei ville så gjerne at eg skulle koma og sjå på dei, helst saman med Jan Ivar. Eg hadde lova å koma, og eg såg fram til det. Sunniva skulle ha med seg to venninner og vera med ho og.

Planen min var å vera ute i god tid. Det er eit lite stykke å kjøra, og eg tenkte det kunne bli vanskeleg med parkering. Ein halvtime før forestillinga skulle begynna. måtte eg starta telefonrunden for å få tak i Sunniva. Ho har øydelagt mobilen sin, og eg måtte prøva å kartlegga korleis eg skulle få tak i henne. Ti minutt seinare kom ho heim, og meinte at me hadde god tid. Så langt så vel…

Så måtte me venta på venninnene hennar. Den eine måtte me venta lenge på. Me vent til det var knappast mogleg margin for å nå arrangementet då kom ho endeleg springande. Eg hadde kjørt inn på ein parkeringsplass i nærleiken av huset hennar, og då ho endeleg kom var eg forferdeleg i farten. Eg gøymde at det var ein kant med belegningsstein bak der eg hadde parkert, og eg rygga over med eit dunk frå omtrent der bakhjulet sat. Eit par sekund var eg faktisk redd for å bli ståande fast, men kom meg ut…

Då me kom fram fekk me heldigvis parkert heilt greitt, og me sprang til aulaen der det heile skulle foregå. Då me nådde fram to minutt for seint. slapp me ikkje inn fordi alle billettane var utselde…

Eg prøvde tappert å skjula at eg vart veldig skuffa…
Eg har jo vore akkurat lik jentene i stort sett heile mitt liv. Alltid seint ute, utan tvil til stor irritasjon for ein del vaksne. Sunniva vart lei seg for ho følte ho var skuld i det, og eg prøvde å seia at det ikkje var hennar feil…

I staden kjørde eg henne til eit husgruppefellesskap ho er ein del av. Eg fekk det for meg at bilen trakk mot høgre. Nå håpar eg inderleg at det var bare vinden, og at eg ikkje var borti eit eller anna som har med styremekanismen å gjera då eg kjørte over muren…

Då eg kom heim kjende eg meg nokså utlada. Sikkert like bra å få litt ekstra tid her… Og nå kan eg i alle fall heilhjarta sei til jentene mine på drama at eg gjorde eit ærelg forsøk på å koma inn, men vart stoppa i døra…

Nå er det bare ein skuledag att til ferien, og så ein dag med HC Andersen før den heilt ekte vinterferien set inn. Det skal bli så fint. På lørdag skal eg løysa ut julegaven frå kjærasten min: Ein tur til København bare for meg og han, med hotell i sentrum og deilige ansvarslause dagar i yndlingsbyen min medan Ingrid passar butikken heime.

Og så skal eg leika forfattar i tre fire dagar og få skrive ferdig musikalen me skal begynna å øva på med elevane veka etter ferien. Det skal bli bra.

Ute regnar det att etter fleire dagar på rad med sol. Kveldane er merkbart lysare.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Sanneleg,eit drama i fleire akter, dette! Til å leva seg inn i og kjenna seg att i, for nokon og einkvar… Ein gong trudde eg ein teatertur skulle enda framføre ein parkeringshusbom i vranglås, 100 meter frå målet. Det slo meg at dette var ironiens teater, trafikken stod i fleire kilometer, bak oss. På ein måte var vi alle i samme bil. Då med eitt skvatt det fram ein mann i blått og låste opp bommen, manuelt. Akkurat tidsnok til at vi fekk brukt teaterbillettane våre, likevel.
    Etter det har eg masa om at vi må vera ute i god tid. Mesteparten av den tida nyttar eg til å stå i kø for å komma inn på – WC. Idet eg stig inn på den etterlengta staden, ringer klokkene fernilsk til forestilling. Livsteateret hentar meg inn medan eg banar meg veg for å finna setet eg har tinga. I den mørke salen er det ingen som kan sjå sveitteperlene på panna mi. Teppet går opp, det er tid for det etterlengta drama. Sukk mitt hjarte, men brist ikkje!!
    Takk for glimtet i auga! Kveldane blir merkbart lysare..

  2. Heidi: permalink

    Ja Jarfeld. Livets teater overgår det meste. Ofte får eg kjensla av å vera med i eit absurdteaterstykke eller i ein komedie.

Legg att svar til Jarfeld Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: