Gå til innhald

Tre små biografiske historier…

februar 22, 2007

Historiene har det til felles at dei kjennest viktige på ein relativt betydningslaus måte.

Den første er historia om ein flaskegrøn heklejakke:

Denne jakken er faktisk så lang at kåpe kanskje er eit betre ord. Svigerinne Eva Mari kjøpte jakken brukt på Fretex, men sidan han viste seg å verta lite brukt, og ho er eit svært generøst menneske, så havna han hos meg. Til å begynna med brukte eg han ein del, men fordi eg ikkje alltid veit kor eg har bein og armar, opplevde eg at det lause heklemønsteret hekta seg oppi dørhandtak og kommodeknottar eg passerte på min veg gjennom kvardagane. Etter ei stund havna jakken i kjellaren. Kanskje han var litt i miste laget og?

For eit par veker sidan mangla eg klær, og gjekk ned i kjellaren der eg fann att den lange flaskegrøne i ein pappkasse. Eg brukte han over svart tynn genser og eit svart skjørt med lange svarte støvlettar til. Til mi overrasking fekk eg mange kompliment for den fine jakken. Plagget fekk sin renessanse og fekk vera med overalt. Til og med til Danmark.

Så nest siste kvelden i København var jakken borte vekk. Han måtte vera gjengløymt ein eller annan plass. Eg prøvde å rekonstruera stega mine, og var inne fleire stadar og spurde, men ingen hadde funne jakken min. Det eg nå håpar på er at han hamnar på ein eller av dei mange danske “genbrugsbutikkerne”. Då kjem han bokstaveleg talt på “fourth hand”. Det er då ein kan assosiera til dei tåpelege stiloppgåvene me ofte fekk på barneskulen av typen “Ein sko fortel”. Fascinerande at ein del gjenstandar ser ut til å leva sitt eige liv…

Den andre historia handlar om danske syklar.

Historia bekreftar at eit hjørne av sjela mi er dansk. Eg blir nemleg sjølv meir og meir overbevist om at det er slik det er… I København er minst seksti prosent av syklane av modell gammaldags damesykkel med ei korg framme på styret. I tillegg er mange av dei malte rosa, himmelblå eller raude. Først trudde eg det var folk sin kreativitet som fekk dei til å finna fram boksen med sykkel-lakk, men så oppdaga eg ein butikk der dei selde slike syklar heilt nyproduserte.

Eg vil ha ein slik sykkel. Eg vil ha ein rosa eller himmelblå sykkel med store hjul og ballongdekk med ei ekte peddigkorg på styret. Her i Norge var det så vidt eg kunne finna ein svart DBS-sykkel med bua damefasong og stålkorg på styret. Her er alle syklane i lettmetall med tjue gear og herrestong. Det andre som varma mitt hjarte å sjå var at i København var sykkelstyra stilde høgare enn sykkelseta slik at ein kunne sitja oppreist og sykla. I Norge ligg ein flatt over herrestonga når ein syklar for å få mindre luftmotstand. Her er det bare eg og personar over sytti år som syklar på den københavnske måten.

Eg vil at det skal vera sommardag. Ein sommardag i juni eller august, og eg vil sykla langs strendene på den rosa sykkelen min. Eg skal sykla med langt skjørt, fordi stanga på sykkelen er så fint bua at det let seg gjera. På føtene skal eg ha danske blomstermalte rosa og blå tresko, og håret skal blafra i vinden. I korga skal eg ha ein rosemalt termos frå Søstrene Grene med god svart kaffi på. Og i nisteposen ligg det sikkert noko frykteleg ufornuftig, fordi eg har gløymt at eg er norsk og må vera sånn frisksportsfornuftig som det er politisk korrekt å vera i dette landet.

Den tredje historia handlar om å vera fødd med ski på beina:

Ein kvar ekte nordmann veit at i vinterferien og i påskeferien går ein på ski med appelsiner og kvikk-lunsj i sekken. Vis ein kvar nordmenn eit bilete med teikningar av ski, ryggsekk, termos med kakao, ei appelsin og ei plate kvikk-lunsj og dei vil utan å nøla høgt i kor svara løysningsordet påske! Det inneber at den puritanske norske fliken av sjela alltid vil ha eit snev av dårleg samvit om påsken kjem og går heilt utan reserveskitupp og appelsin. I alle fall kjennest det slik om ein har oppdragaransvar for norske barn…

For ein månads tid sidan var Odd Christian på norsk hyttetur med vener frå lærarskulen, og slo seg så kraftig då han prøvde seg på snowboard, at han med glimt i auget lurde på om me burde saksøkjast for ikkje å ha gitt han ein god norsk oppdragelse…

Nå har det seg slik at gode menneske har teke hand om barna våre nå i ferien og gitt dei det me ikkje sjølv klarer å ta ansvar for. Sunniva er reist til Lillehammer med ei klassevenninne for å vera på besøk hos besteforeldra hennar. Med seg har ho ski, snowboard, ullundertøy og alt som forventast kan. Og i dag reiste Halvard på hyttetur til fjells med familien til ein kamerat med ullstillongs og overtrekksbukse i sekken… Det betyr at mor kan lena seg tilbake i kontorstolen sin og gjera det ho har aller mest lyst til, nemleg skriva, skriva, skriva… Og kanskje ta seg ein rusletur langs strendene i ny og ne…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Livet er godt i heimen!Glad eg ikkje står fast på E18 i stormveret! Ferier er fine i heimen og:)

  2. Heidi: permalink

    Ja, ikkje sant? Ser eg deg snart?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: