Gå til innhald

Ein-to-tre, på det fjerde skal det skje

februar 21, 2007

Nå sit eg klar framfor datamaskinen i den raude fleecejakken som var julegave frå kommunen, og med grå ullsokkar på beina. For arbeidsromet vårt er ganske kaldt sånn på vinterstid, og vinden bles og hylar.

Nå har me hatt frokost, eg har rydda kjøkkenet for å halda standarden, og nå skal eg i gang med det som skal vea hovudaktiviteten i ferien, nemleg å fullføra musikalen bygd på “Heksene” av Roald Dahl… Eg er omtrent halvferdig allereie, så oppgåva dkulle vera overkomeleg. – Men eg veit det blir hardt arbeid, og kvir meg litt for å kasta meg uti…

Og kor er det manuset eg fekk lov til å låna og la meg inspirera av? Det er nok her ein plass, fint innepakka i plast… Eller kan eg rett og slett ha teke det med på jobb for å visa til nokon? Kanskje eg må ut i vinden for å leita der… Nei, det har eg ikkje tid til. Eg må koma i gang. Kanskje eg rett og slett skal skriva songane så lenge.
Heksesonger på melodiane “Katta vår, The final Countdown, Side by side, Mama Mia, The Flintstones…” Så skal me ha ein heksedans, men det er andre enn meg som er ansvarlege for korreografien…

Det er som å stå til knes i kaldt sjøvatn og samla mot til å kasta seg uti, for eg veit jo det blir fint når eg kjem så langt. Eg seier som Albert Åberg: Eg skal bare…

Likevel, eg har ein enorm skrivetrong for tida. Eg har lyst til å blogga heile tida. Hjernen boblar over av ting eg har lyst til å skriva ned. Kanskje eg må finna ein plass i tillegg til Andedrakt for ikkje å ta alt for stor plass her…

Men det roar seg ned. Det gjer det alltid. Nei, det var det manuset eg skulle leita etter. Nede lagar Halvard frokost til Vebjørn som har overnatta her, og Ingrid trener Pilates på romet sitt. Huset lever, og slik vil eg ha det.

Til rors Columbus.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Kesia permalink

    Ut å leita i vinden! Den va» god! Du skriv som berre Heidi kan!

  2. Heidi: permalink

    Ja, Kesia, nå kan du bare lengta heim tilvinterstormane på Jæren der du går i dei kjedeleg stilleståande luftftilhøva der aust… 😉

  3. morsan permalink

    Jag tror du kan ta så stor plats du behöver!

  4. Heidi: permalink

    Tusen takk, morsan. Eg må innrømma at eg synest det å leggja beslag på fire rubrikker er i overkant, så nå vågar eg ikkje skriva meir før den nederste teksten er borte. Kanskje eg må prøva å kapra ein plass på hypodea igjen. Der rullar tekstane fortare… Kanskje fordi ein mistar plassen dersom ein gløymer å oppdatera. Men eg likar måten andedrakt fungerer på. 😉

  5. Tintomara permalink

    Ju mer du skriver desto bättre är det! Har följt er Köpenhamnsresa med nöje!
    Det är så sympatiskt på Andedräkt, det där att folk får skriva så ofta eller sällan de vill.
    Om man skriver på två olika ställen blir det gärna lite splittrat.
    Välkommen hem förresten!

  6. Heidi: permalink

    Tusen takk, Tintomara!
    Ja, eg synest og at Andedrakt er veldig sympatisk på den måten at ein skriv der av rein skrivelyst og ikkje treng å ty til nødtekstar…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: