Gå til innhald

Sundags føremiddag.

februar 25, 2007

Kaffi i blått krus. Frokost med Leif og Halvard, røykelaks, ost og egg. Ein kjælen katt som gnir hovudet sitt hardt mot handa mi. Melis-snø som drysser over den bare bakken. Gule ullsokkar på føtene. Livet kjennest som eit bilete. Av og til har eg kjensla av å bevega meg i vakre tablå, der alt betyr noko anna. Noko anna, og akkurat dette…

I går kom sistedagsbluesen ein dag for tidleg. Først fekk eg ikkje unna det eg skulle ha gjort heime. Så gjekk eg til skulen og trudde at eit par timars arbeid der kunne gje meg sundagsfri. Sundagsfri er ei stjerne høgt der oppe som eg mest aldri når opp til…

Så stemde ingenting. Den første pc-en eg skulle laga opplegg på hekta seg opp før eg var ferdig, han stod bare bom fast. Så var det neste pc. Nå fekk eg skrive ein del, men kopimaskinen ville ikkje skriva ut. Eg kobla pc-en til to ulike printarar, men ingen ville skriva. Eg fann ut at å skriva, det fekk eg gjera heime. Så var det bunkene med papir eg skulle rydda opp i… Eg trudde det skulle gå fort, men det tok mange timar. Undervegs kom eg over utkasta til eit referat eg hadde teke på meg å skriva og gløymt heilt av. Heim med det og.

Dagen bare gjekk, og lite fekk eg gjort. Eg hadde håpa på eit ettermiddagsbesøk hos Torhild, men timane bare forsvann. Då det var sånn omtrent kveld bestemde eg meg for å reisa dit likevel. Eg sprang innom Kiwi like før stengetid, der eg raska med meg to småhanglete lilla tulipanbukettar til halv pris.

På kjøkkenet til Torhild og Per Magne henta livet seg inn igjen. Dei konkurrerar om å koka den beste kaffien, og dei er gode å le saman med. Le og filosofera. Desse små og ubetydelege, men livsviktige samtalane. Eg og Torhild ser einannan med svært ujamne mellomrom, men plutseleg må eg bare treffa henne. Venner er noko av det viktigste eg har.

Så måtte eg heim og dansa litt med kjærasten min til noko ekstremt tåpeleg swingmusikk han hadde funne i hylla vår. Han har nemleg halt meg litt motvillig med på swingkurs for vidarekomne, og så var det noko me ikkje hadde fått heilt til.

Halvard er heime att frå hytta på fjellet, han lurer veldig på korfor ikkje me har hytte. Dei som kjenner oss forstår nok akkurat det. Sunniva kjem i dag, og eldsteguten bør helst dukka opp i løpet av dagen han og, for frå i morgon av har han ei veke vikariat på skulen min.

Så skal det steikast eplekake og lappar, for familien min er buden på kaffi. Kjærasten min har til og med handla heim ei sundagssteik. Du verda for ein velordna og etablert sundagsfamilie me er i dag… Det er me ikkje kvar veke.

Men nuh! Pedagogisk arbeid så det forslår…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Småhanglete tulipanar du liksom…. dei står så fine og strake i vasane sine og minner meg om gildt besøk! Alltid godt å vera ilag:)

  2. Heidi: permalink

    Ja, me må la det bli ein god vane…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: