Gå til innhald

Ikkje heilt A4…

mars 11, 2007

Sist helg gjorde eg noko så pass sært som å reisa på salmeseminar. Det var verkeleg fint å vera der.

Eg fekk litt panikk då toget inn til byen fekk førtifem minuttars straumstans. Tenk om eg ikkje ville nå hurtigbåten som skulle ta meg vidare… Heldigvis hadde eg berekna veldig god tid, så det gjekk bra. Ekstra reisebonus er at eg tilfeldigvis fekk fylgje med forteljarvenninne Randi Tone, som skulle heim til mor si.

Sjøen var spegelblank og ærfuglar og måkar flaug så lågt over sjøen at det såg ut som dei symde. Båtturen gjekk utruleg fort, og alt var vakkert. Det var så lenge sidan me to hadde snakka skikkeleg saman, og nå var det tida for små og store forteljingar.

Vel framme etter ein lengre busstur venta to døgn tettpakka med foredrag og fin musikk, spennande menneske og nye innfallsvinklar. Eg hadde spennande samtalar med ein freelance-skodespelar, ein dominikanarmunk med blå strikkegenser over munkekutta, ein sjølvlært og utruleg begava organist på 17 år, og med ein professor med salmer som lidenskap.

Då eg melde meg på kurset, rekna eg med at eg ikkje kjende nokon andre der. Det viste seg at eg møtte fleire personar eg kjende til frå før, og til og ei eg var i bibelgruppe med i Vålerenga menighet for tjue år sidan. Hallo, Anne, viss du av ein eller annan merkeleg grunn skulle lesa dette: Du er utruleg flott, eg skulle ynskja me såg einannan oftare…

Av og til er det herleg å vera i lag med menneske som deler ein eller anna interesse som for dei fleste andre sikkert virkar både sær og perifer. Ei heil helg via nynorske salmer… Vidunderleg! Og orgelmusikken til nederlandske Goos saman med ei jente som spela tverrfløyte fekk eit eller anna inni meg til å gråta…
Gråta over all god lengt og over alt me ikkje får til sjølv om me gjerne ville…

Og eg vart inspirert til å skriva. Skriva mykje og langt. Skriva salmetekster som framleis ikkje er formulerte.

Heimvegen vart like fin som resten av turen. Eg fekk haik heim med ei dame som lagar musikk, og som eg veldig gjerne skulle samarbeida med. Me har lova einannan å få det til, så nå får me sjå… På vegen heim var eg med og besøkte eit ungt par eg aldri før har møtt, som har kjøpt eit småbruk i ei bratt, bratt li. Tomta var så stor som bare det, men så bratt at det er umogleg å kjøra traktor der. Me drakk te i ei stove med skeive golv i eit lite hus som var to hundre år gammalt. For eit imponerande pågangsmot…

Ikkje det at eg ville trivast i eit tohundre år gammalt hus i ei bratt fjellside med milevis til næraste tettstad… Men bare det at nokon faktisk gjer slike ting…

Verda er ein spennande stad. Helst vil eg bare skriva, men snart får eg besøk: Huset luktar kanel og kardemomme av nysteikte kanelbollar. Det er sundag i heimen.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Salmesus i Suldal? Ja, kvifor ikkje- vakrare natur finst ikkje… Og med slike bergtekne aktørar, vert nye vers til. Det er eg viss på, og tonefølgje frå Ryfylke- høyrest ut som ein gammal draum som kan bli ein realitet i nær framtid. Takk for salmeoppturen, vonar du får inspirasjon til salmeskriving. Du har ei eiga gåve der- å meisla ut ord som dirrar i ei ny tid- salmer som mange med meg kjenner seg att i. Det er ingen ring attest!!! Lukke te med alle gjeremål, kreative menneske på jorda!!

  2. Heidi: permalink

    Tuswn takk, Jarfeld 🙂

  3. Heidi: permalink

    Tusen skulle det stått. Ikkje det andre ordet. Av og til er fingrane raskare enn forstanden…

  4. RaTo permalink

    Takk for sist, Heidi! Det var så fint å prata på turen innover! Så bra at du fekk så mykje ut av dette. Det vart ikkje noko av at me kom og høyrde på, mamma hadde ikkje så lyst. Men eg angra i ettertid, då eg fekk veta at det hadde vore mange gamle kjende der ?

  5. Wenche permalink

    Eg har ikkje visst at du har hatt din eigen blogg. Men fann han via bloggen til bror Arnfinn. Og då eg såg kor lenge du har skrive, leita eg meg fram til denne helga. For å sjå korleis du hadde det her inne. Og det var veldig kjekt å sjå at du var så fornøgd. Tenkte eg måtte visa dette til RaTo, for ho har ikkje sagt til meg at du har blogg…
    Nå har eg lese rundt om på ulike dagar. Du skriv så godt, i så god ein tone. Det forundrar meg jo ikkje, når du kan skriva slike salmar som du gjer….men eg visste berre ikkje om dette. Eg legg til bokmerke 🙂
    Interessant å lesa om stadig ryddesjau! Og om seine netter! Det er god trøyst når ein får kjensla av å vera i godt selskap…

  6. Heidi: permalink

    Hei og takk for sist, Wenche. 🙂
    Ja, me får trøysta oss med at det er fleire av oss…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: