Gå til innhald

Heilt plutseleg

mars 26, 2007

så er våren her. Denne gongen kom han og heilt utan bremser. Det er varmt og klart, og blomane sprenger mot sine eigne vinterbleike grenser.

Eg let meg overmanna,- Slik eg veit at eg gjer det kvart år. Eg mister sånn omtrent pusten fordi livet kjem så sterkt og så nært. Eg blir ståande som lamma, og eg kjenner at eg blir fylt av denne vemodsvakre vårkjensla som fortel alle sansane mine at her må ein ut og leva, for akkurat nå går livet forbi på vegen utanfor døra mi. Nemleg…

Men det er måndag, og eg har ting å ordna. Tida har lånt ein time av oss som me ikkje får att før til hausten, og med eit trylleslag er kveldane lyse og morgonane litt mørkare og litt meir søvnige.

Peer Gynt forestillinga er vel i hamn. Når så store forestillingar står på dagsorden, er det som å surfa på ei stor bølge av spenning og engsjement. (Akkurat som om eg nokon gong har vore i nærleiken av å koma opp i ståande stilling på eit ekte surfebrett, men det er ei heilt anna historie…) Det er intenst spennande og altoppslukande medan det står på, og først når det heile er over kjenner ein seg trøytt.

Etter siste framsyninga, var alle me som jobbar i kulturskulen heime hos Oddny og aklimatiserte oss med
prating og eit varmt måltid mat. Så vart eg plukka opp av kjærasten min til ei natt på nattoget.

Me feira syttiårsdagen til tante Kari på lørdagskvelden med vakkert dekka bord, talar, songar, ein fantastisk heimelaga buffet og dans utpå kvelden. Alle barnebarna var der frå den minste på to år og oppover. Og i tillegg til desse heile storfamilien med niesar og nevøar. Dette at festen hadde sentrum i kjernefamilien til tanta til kjærasten min gjorde at eg såg det heile sånn litt i fugleperspektiv. Eigentleg er det eit spennande utgangspunkt. Det merkelege var at fetteren til kjærasten min hadde ei dotter som var heilt til forveksling lik mi eiga Sunniva. Genene frå felles oldeforeldre må ha slått sterkt ut i desse to jentene, for denne vesle Ingrid som eg aldri før har sett, var mykje likare Sunniva enn nokon av syskena hennar nokon gong har vore…

Og i går var det dagtoget heim. Åtte timar på tog i lag med kjærasten min. Han retta stilar, og eg las to romanar og kikka ut vinduet akkurat i det vinteren vart til vår. “Havfruestolen” er ei fantstisk bok, som eg med dette anbefalar alle å lesa. I sommar las eg “Bienes hemmelege liv”, av den same forfattaren. Det var ei stor lesaroppleving det og…

På toget hadde me med oss heimelaga salat med avokado, kalkun, cashewnøtter, jordbær og purre. Det smakte nydeleg. Dei friske bringebæra frå ein lokal innvandrarbutikk vart dessverre knuste til mos oppi matposen, men to-tre jordbær hadde me til dessert.

Dagens utfordring på jobb var at eit sirkus rigga seg til like utanfor vindua våre. Det er ikkje heilt lett å få elevane til å sjå på tavla medan det ruslar elefantar utanfor vinduet. Ein kan sjølvsagt spørja seg om det ikkje hadde vore mykje meir pedagogisk å ta ungane med ut til elefantane, men det spørs om sirkusfolka hadde sett pris på å få firehundre entusiastiske tilskodarar medan dei rigga teltet… Etterkvart sat nå dei små englane konsentrerte over bøkene sine likevel…

Måtte våren stansa her ei stund. Sjølv om han har uro med seg i auraen sin.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    «Eg let meg overmanna,- Slik eg veit at eg gjer det kvart år……..fordi livet kjem så sterkt og så nært.» Ein kjenner seg att i orda dine, Heidi. Denne vårbobla som brest når varmen sprengjer på, alt skjult liv som brått vaknar til- det er ein skatt for liten og for stor. Ei kjelde til nytt liv. Nokon nær meg hadde bryllupsdag i går, «Je sa ja 26.3»- den teksten frå 1983 gløymer dei nok aldri- Jesaja 26.3. Ein klok prest spikra datoen. Vårløysing- ute og inne, «nytt liv av daude gror»…. Ja, «måtte våren stansa her ei stund. Sjølv om han- som du er inne på- har uro med seg i auraen sin.» Kommer våren, kommer vind- kommer sol i sjel og sinn. Sommarlengt og djupe tankar, ei tid for alt, eit hjarta bankar. Gå ut min kropp, finn mat for sjela- og alt du finn, det kan du dela… Takk for «Heilt plutseleg» !!!

  2. Skylla permalink

  3. Heidi: permalink

    Fram for våren, Jarfeld! Skal sjå opp Jesaja 26.3
    Skylla: Tenkjer masse på deg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: