Gå til innhald

Når natta kjem med mørkret, og stjerne

mars 20, 2007

blir tend…, då er det planar som skal leggjast for neste veke. Elevane skal læra å bøya sterke og svake verb og dei skal læra om påske. Dagen har vore lang og god og augene svir fordi eg er så trøytt…

… Dei to siste arbeidsdagane har vore lange. Først vanleg skule, så teater, og til slutt ein runde førebuingar. I dag har eg først hatt seks undervisningstimar på skulen og så tre i kulturskulen. I morgon er det siste innspurt med Peer Gynt, og så kjem det to dagar med forestillingar. Dagane er kalde, men lyse og klare.

Dei eldste dramaelevane mine spurte om dei kunne få leika i staden for å øva den siste halvtimen. Me la oss på magen på golvet i sirkel med hovuda inn mot midten og leika flaskeleiken. Den flasketuten peika på måtte fortelja dei andre noko ingen visste om dei.

Plutseleg vart stunda litt heilag, fordi eit eller anna musisk begynte å svinga ,og me låg der og var saman om noko, og me gløymde at me skulle ha slutta timem. I ein vanleg dag er det ein del magiske øyeblikk. Bare leit etter dei. Ei anna hending som det swingde av var då eg og Jens, den teaterglade sivilarbeidaren min, spelte Peer Gynt for alle elevane i fjerde klasse, for å førebu dei til skuleforestillinga på torsdag. Han spelte Peer og eg spelte mor Aase, Solveig, Ingrid og Den Grønnkledde. Det var eit slags stunt, men ungane vart sitjande som trollbundne.

Kanskje eg burde starta ei ny sånn listegreie? “Beskriv tre magiske hendingar i døgnet som gjekk.” Nokon som kjenner seg kalla?

Men æhhh, sjølv nemnde eg viss bare to ting. Kva skulle det tredje vera? Å sjå TV medan eg har Halvard på fanget og masserar Sunniva sine føter? Eller kanskje å lesa høgt for elevane mine medan eg innimellom sender lange blikk ut vindauget og ser ut på bleikblå vårhimmel, og i det fjerne kan eg sjå heilt til det endelause havet som ligg der og rullar med ein og annan båt på ryggen.

Nå treng eg eit eller anna sunt å eta… Og så… Sooova…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Jag har sagt det förut: jobba inte ihjäl dig!! Det är sånt man tycker är roligt som man verkligen kan bli utbränd av!
    Här är det ont om magiska ögonblick för närvarande. Men de kommer väl igen…

  2. Heidi: permalink

    Det gjer dei nok Tintomara… Og eg truuuur eg held balansen. Sjølv om eg ser at det

  3. Heidi: permalink

    av og til kan vera litt for nære ei grense ein ikkje bør gå over. Fingrane kom borti feil tast, så dette vart ei todelt melding…

  4. May Brit permalink

    Den todelte meldinga var eit bilete på at du er flink til å ta kunstpauser inni alt kjøret ditt 😉

  5. May Brit permalink

    Magiske øyeblikk er det beste eg veit:
    Eg har eit nå.
    Sitter ved kjøkkenbordet og sola held varme hender på meg og ynskjer meg velkomen inn i ein ny dag.
    Ho bærer bud om at verda og menneska fortsatt har mykje varme og lys. At me aldri skal slutte å tru på oss sjølve. At med med lys varme tålmod og varme skal elske fram lyset og varmen i alle mennesker med kjem i møte. At me skal være som sola – ei kraft som alltid ligg i bunn på kvar og ein- som aldri slutter å lyse å skinne – om med med tålmod rydder unna alt uver som kan omkranse oss i kvardagen. Den bringer bod om karfta i oss alle – inst inne – som me sjølve aldri skal gløyme at me kan hente fra – selv i dei svartaste situasjoner.
    Sola er eit bilete på kratf – lys – varme – kjærlighet – vekst – et bilde på vårt høyere selv. Sola er der alltid – bak skyene om du ikkje ser ho. Slik som menneska har styrken og kjærleiken bak det som kan skygge i kvardagen. Måtte menneska aldri gløyme kva muligheter ein faktisk har i seg sjølve. Måtte sola alltid være ein budbringer om dettte!!!

  6. Heidi: permalink

    I dag og i går hadde eg magiske øyeblikk under Peer Gynt forestillinga. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: