Finn gullet,
puss det, og løft det opp i lyset.
Eg har vore på opplevelses-seminar i tre dagar. Det var eit seminar for menneske som jobbar med kreative ting i skule og kulturskule. Me har høyrt forelesningar, dansa, sunge i kor og spelt teater. Me har hatt improvisasjonar, drive med teaterleik og spelt teater utandørs.
Lokalbefolkninga på den vesle tettstaden, der me budde på eit fjordhotell, sende usikre blikk mot den gruppa som spelte gateteater på ein parkeringsplass. Ein lokal fiskar flytta seg lenger og lenger utover brygga og moloen, etterkvart som dei gruppene som spelte teater der kom nærare og nærare. Det som var mest imponerande var at desse små halvimproviserte teaterstykka faktisk blei veldig bra, fordi dei fleste deltakarane var ganske dramatiske av seg og jobba med teater på eit eller anna plan.
Ein av forelesarane hadde veldig fokus på dette å skapa begeistring, få menneske til å verta trygge, og så løfta fram eit uttrykk som ein kunne jobba vidare med. Konklusjonen hennar var at barn som er trygge kan i ein atmosfære av varme og begeistring, under kyndig rettleiing, få til omtrent kva som helst. Det trur eg på. Ordtaket seier at ikkje alt som glimrar er gull, men det finst utan tvil mykje gull som ikkje glimrar nok til at me får auga på det. Eg reiste heim med ny motivasjon til å gjera det eg har tru på i lag med ungar.
Naturen er på det aller mest eksplosive akkurat nå. Det blir grønare frå dag til dag, og kirsebærtreet mitt blømer. Det finst så mange fine grønfargar når dei ulike trea let blada spretta. Eg gløymer det frå år til år, men når dei rette dagane kjem, så hugsar kroppen min og kjenner att…
I går måtte eg ut og gå. Eg hadde så mange tankar inni meg som eg måtte gå til. Nokre av dei var vanskelege, og eg måtte prøva å fordøya dei bit for bit for å tenka klokt. Det lukta gras ute for sånn omtrent første gongen i år, og ei stor vipe letta frå graset og kom rett forbi meg.
Eg møtte tre personer som det var godt for meg å møta, og til slutt var eg innom onkelen min som var i betre form enn på lenge. Han sat i hagen sin og var ganske fornøgd med livet. Eg hadde kjøpt med meg ei kake til han, som eg sette i kjøleskapet, slik at han kunne eta kake i solskinet etter middagen. Me åt eple og snakka om livets viderverdige og enkle sider. Då eg gjekk fekk eg med meg ei famn full av påskeliljer. Dei var fullt utsprungne nå, men to- tre dagar i vase på den gule duken min skal dei nok overleva.
Sunniva skulle i konfirmasjonsselskap om kvelden til ei venninne. Me brukte deler av ettermiddagen til å finna den heilt perfekte presangen. Til slutt enda ho opp med eit lite halsgropsmykke i sølv med glas i midten, og eit konfirmasjonskort med dikt inni. Så måtte Sunniva få ny kvit jakke til å ha over den opne blomstrete sommarkjolen me kjøpte til bruk på 17. mai-. Ho må ha vakse tre cm den siste månaden. Det er merkeleg å sjå korleis ho veks og vaksnast frå veke til veke.
Nå er det på tide å laga litt middag. Me får gå ned og sjå kva fryseskapet måtte ha og by på…
Heidi
Tettstaden?
för det mesta förstår jag allt, men…
Visst är det vidunderligt vacker just nu. Om jag hade råd skulle jag ta ledigt i april och maj. Men pensioneringen kommr närmare för vart år…
Jag begriper mig inte på folk som reser utomlands just nu. Vad tänker de på?
Nei, det forstår ikkje eg heller.
Tettstad er ein plass der det bur relativt få menneske. Mindre enn i ein by. By i Norge er det same som stad i Sverige, trur eg. Oslo og Stockholm er byar. Eg bur i ein småby, medan den plassen me var var ein liten samling hus og butikkar ute på landet, heilt ute ved kysten. Veit ikkje kva ein kallar ein slik plass i svensk terminologi. Stad her er synonymt med sted på bokmåll. ein plass, rettt og slett. Tettstaden er ein plass der det ligg ein del hus. Veit ikkje om du vart klokare, Tintomara…