Gå til innhald

Lang dag på jobben:

mai 2, 2007

I pausen mellom undervisningstimane og planleggingsmøtet klarte eg å smetta inn ein liten heltedåd i miniformat. Eg fekk beskjed frå lønningskontoret om at Odd Christian ikkje hadde levert skattekort, og derfor ikkje kunne få lønn for vikartimane i ferien i mai heller.

Etter ein rask spurt til likningskontor også til lønnskontoret på personalavdelinga, så vart det ordna. På vegen var eg innom ein butikk og kjøpte med meg mørk sjokolade, epler, cashew-nøtter og pepsi-max til planleggingsmøtet. Eg visste det ville bli langt og krevjande. Neste veke set me i gang eit storylineprosjekt over steinalderen, og me har skjøve forarbeidet litt framfor oss. Men visst kom me i mål, sjølv om eg ikkje var heime før klokka seks. Så gjaldt det å sluka litt mat før eg småsprang til ungdomsskulen for å sjå eventyrforestillinga som Sunniva og dei andre elevane på åttande trinnet skulle ha for foreldra.

Det som gjorde aller mest inntrykk var jenta i svart trikot som dansa ballett før stykket begynte. Ho gjorde det så nydeleg at eg heilt uforvarande kjende tårene fløyma over. Sunniva var forteljar, og gjorde det vakkert ho og. Ære vera ungdomsskulen fordi dei får absolutt alle elevane til å stå på scenen med fullt fokus på seg. Det er ikkje meir enn eit par månadar sidan sist me var der og såg teater.

Nå skal eg printa ut eit manus, som Stig treng for å kjøra lyd og lys for oss i morgon. For då er det dei yngste dramaelevane våre som inntek scenen. I morgon kveld er det premiere med open forestilling, og på fredag blir det skuleforestillingar heile dagen. Det er stor forskjell på å administrera 75 ungar, som me gjorde for to veker sidan, og 16 ungar som me gjer i morgon. Men dette stykket, som handlar om ekstremt dumme menneske, er bygd opp slik at alle er med i ei rammeforteljing der dei er gatebarn som spelar gateteater. Så viser dei kvar sitt eventyr i ei lita gruppe, og på den måten får alle prøvd seg på ein stor rolle.

Det er alltid mange spenningsmoment knytta opp til slike ting, men dei får liggja til i morgon…

Først manus til Stig, og så vaska håret. Eg har fromme planar om ein tidleg kveld. Framleis er det lyst, og himmelen tek så smått til å henta fram kveldsfargen sin.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Du skriv så vakkert kjære syster

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, nå kommenterte du mens eg var inne… Stilig!

  3. Ukjend's avatar
    Borghild permalink

    Bra du likte eventyrkvelden!

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar