Gå til innhald

Når brikkene dett på plass…

mai 4, 2007

Det er som eit under kvar gong. Salen fyllest med forventningsglade ungar, lyset blir dempa i sal og scene, og scenelysa blir tende.

Det me har øvd på i veker og månadar, terpa på og strevd med å byggja opp, får venger. Det riv seg laus frå manuskriptet og lever sitt eige liv. Og eg sit der på orkesterplassen på første rad med manus i fanget i fall nokon skulle trenga suffli. Eg kjenner korleis hundrevis av blikk er festa til det som skjer der framme og at dei som står der og er i rolle klarer å ta i mot og bera…

Det er då eg kjenner, kvar gong, at det er verd strevet. Og når storøygde barnehagebarn må kikka bak sceneteppet for å sjå om det verkeleg står ei ku der, då virkar magien. Då me framførte heksene sa ein liten femåring på sida av meg begeistra til førskulelæraren sin:
“Dette er jo akkurat som å vera på kino!”

Og så, etter tre eller fire eller fem forestillingar, skal magien ryddast på plass att. Store mengdar kostymer skal berast ned på kostymelageret og hengast fint på plass, og større rekvisittar skal demonterast eller plasserast på ein lagringsplass.

Og etterpå er eg trøytt, og glad og litt tom fordi noko me har brukt lang tid på å byggja opp, plutseleg er teke ned att.

Og Jan Ivar eg og Stig summerer det heile, og konkluderer med at nå har me etterkvart opplevd litt av kvart i saman, og begynner å få dreisen på dette med samarbeid…

Eg trudde dagen skulle bli teaterdag frå ende til annan, for om kvelden hadde eg billett til Anna Karenina på det store, ekte teateret inne i den store byen. Eg skulle dit saman med kolleger frå kulturskulen. Men for første gongen i mitt liv opplevde eg å få telefon om et ei stor teaterforestilling var avlyst… Trur det må vera rimeleg stor krise før slikt skjer, så eg sender ein varm tanke til dei involverte kva det enn måtte dreia seg om.

I staden tok kjærasten min og eg oss ein tur ut i småbyen vår. Alle ungane var opptekne med sitt, og dei frosne kotelettene me fann i fryseboksen frista nokså lite. I staden gjekk me ned til sentrum og bestemte oss for at me fortente å få eta ute i dag.

På den nye restauranten der kaffibaren brukte å vera åt me biff. Eg fekk biff i karrisaus med ekstra grønsakar i staden for poteter, og det smakte kjempegodt. Etterpå spaserte me vidare ned Storgata og hadde cappucino og kaffelatte på Mezzaninen før me avrunda med eit besøk i ein bokhandel. På veg heim var me innom eit kjøpesenter og kjøpte med oss heim appelsiner og Imsdalvatn med smak av solbær og jasmin, eller kva det nå var. Ikkje dumt å ta det med ro ein kveld heller…

Dei japanske kirsebærtrea er så utruleg fine akkurat nå, og alt det som står att av grøne blad ser ut til å springa ut samtidig. Eg har kjøpt lupinfrø som skal liggja i vatn over natta. Eg har alltid ønska meg lupiner i hagen. I beste fall får eg det til.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    -Livets teater er endå det besta, kom i hog desse orda, når brikkene omsider faller på plass..
    Underbart å lesa om magien, regien, lupinfrø i vatn over natta, japanske kirsebærtre i full bløming- og ei stand-in for Anna Karenina, midt på torget, i den vesle byen med det pulserande livet og det store hjarta…. Er det ein draum å vera til, midt i vårnatta- den ljosaste av dei alle— eller ein scene, teken ut frå ei avlyst førestelling? -Vem vet, inte jag. «I beste fall får eg det til.» Takk!!!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Fantastisk Jarfeld. Du fekk meg til å le høgt i dag og… Og lupinfrøa gløymde eg jammen å leggja i vatn… Kanskje eg gjer det nå… Kven veit.

  3. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    Biff-restauranten på Bryne anbefales – herved.

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar