Gå til innhald

Limegrøne regnklede og rutete støvlar

mai 14, 2007

har eg kjøpt meg i dag. For den gamle oransje regnjakken har ikkje vore vanntett dei siste fire åra, og støvlane mine er blitt borte vekk.

I morgon skal me på skuletur. Me skal hentast med buss, og det synest elevane er heilt topp. Barn av i dag kjører sjeldan buss. Me skal besøkja ein steinalderbustad og grilla og leika på ei strand. Problemet er bare at dei har meldt skikkeleg styggever, regn, frisk bris og 6-7 grader.
Same typen ver som me kunne ha forventa i november eller februar… Men nå skal det ikkje stå på innpakninga…
Her skal det ikkje frysast…

Og Jens skal stilla som holebuar frå steinalderen i klede av imitert dyreskinn. Sjølv skal eg fortelja ei historie som eg rett og slett ikkje har hatt tid til å øva inn, så det må eg gjera nå. Dagen har gått i eitt. Mange møte på rekkje og rad, det siste varte til klokka var kvart på elleve…
Og innimellom var eg og Sunniva ute for å handla nye gymskor til henne og regntøy og støvlar til mor.

Så nå må eg jobba. Det er godt eg har rutine på å øva inn munnlege historier raskt og gale. Får bare setja i gang, for snart går kvelden over i natt. – Og så langt er det faktisk vindstille og opphaldsver.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Håpar nokon tek mange bilete av både Jens i hola og du som limegrøn openberring!! Lukka til!

  2. Heidi: permalink

    Torhild:
    Takk 😉 Kanskje eg gjer meg aller best på ditt indre bilete—

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: