Gå til innhald

Mp3

mai 28, 2007

Kjærasten min er slik ein tekno- og dipedutt-frik. Han har hatt diverse utgavar av lyd rett på øyret. Først var det ein walkman og så ein discman og dei siste åra har han hatt meir moderne variantar av slike ting som eg knapt veit namnet på.

Eg har viss så vidt lånt dei respektive tinga, men det kan dreia seg om ein fire-fem gonger i løpet av dei snart tjuefire åra me har halde saman. Det høyrer med til historia at han er ganske forsiktig med tinga sine, og dessverre og at eg ikkje er det…

Men nå er altså framhaldet av denne historia den at eg i to dagar har vore lukkeleg eigar av ein mp3 spelar, og at eg nærmar meg fenomenet med ein jomfruelegdom som truleg er framand for dei fleste av mine lesarar.

Sunniva gav meg eit lynkurs i bruken, og så bar det i veg ut i verda med musikk på begge øyrene. Det første problemet var å få øyreproppane til å sitja på plass der dei skulle. Kanskje øyregangmåla mine er ukurante?
Så bar det i veg, med viser, klassisk musikk, jazz, diktopplesing og julesongar i salig blanding. Det gav ei ny oppleving av vegen til jobben min å gå i fylgje med Jan Erik Vold, Sigvart Dagsland og Carola. Det var ikkje dumt å rydda biblioteksbøker til Chopin heller.

Eg følte meg litt halvvegs til stades i denne verda, og lurte på om eg snakka med passe høg stemme når eg helste på forbipasserande…

Eg skulle bare innom på jobb ei lita stund, men det vart fem timar. Eg kjenner at det skal bli godt med ferie. Ikkje fordi eg er lei av elevane, for dei skulle eg gjerne vera i lag med kvar dag sommaren gjennom. Det er meir fordi eg kjenner eg er sliten. Det er mykje å retta, mykje å systematisera, mykje å ha oversikten over og ikkje minst mykje å rydda opp i før eg kan ta ferie.

Dersom me kan dela menneske inn i slike båsar, så er eg meir ein skapar enn ein tilretteleggjar. Meir ein som likar å setja i gang store og boblande prosjekt enn ein som likar å ta oppryddinga etterpå… Det er mykje meir utfordrande og interessant å utvikla eit nytt prosjekt enn å få det ein har laga og gjennomført, inn i rett perm…

Nå i kveld har eg laga program til Jeppe på Bjerget forestillinga. Det skal bli ein slik foldar som ein deler ut til publikum når dei kjem med ein presentasjon av stykket og prosjektet, og alle skodespelarane in order of appearance.

Og kjærasten min har brend “Imagine” med John Lennon. Jeppe skal vakna til den musikken i baronen si seng og tru han er i himmelen. Først let me han vakna til “Let it be”, noko som passa heilt utmerka heilt til Jan Ivar oppdaga at det var Paul Mc Cartney som song, og sidan han som kjend ikkje er død, så forsvann poenget på sett og vis.

Mp3 spelaren min gav meg idear til mange forestillingar eg har lyst til å laga… Men det var viss rydda eg skulle gjera først… Før eg går i gang med å laga noko nytt, meinar eg… Der skimtar eg boka om å skriva noveller i haugen på skrivebordet mitt. Det gler eg meg til eg skal setja i gang med…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. May Brit permalink

    Pass på degselv kjære syster mi – og takk for koselig besøk i går kveld! Jeg nuter hvert et inlegg du har her 🙂 snakkes plutselig på jobb i morgen – glad i deg 🙂

  2. Jarfeld permalink

    Takk for alle MP3- Magiske, Presise 3-foldighetsberetninger, frå morgon til kveld til midt på natta og den blå timen- maidagane til ende!!! Hipp-hipp hurra for Heidi! Noveller må vera som skapte for deg, det må då finnast gryande tekstar i og utanfor bloggen din.. Lukke til og takk for alle innslag! Måtte Poesien TriUmfera!!! MP3

  3. Torhild permalink

    Og kor tid går det an å få sjå Jeppe forestillinga?? Gler meg og til novellene dine, Heidi!!

  4. Heidi: permalink

    M+J 🙂
    Torhild:
    Tysdag 5.juni klokka sju. Dersom du mot formodning skulle ha eit smutthol då. Eller i løpet av skuledagen onsdag

  5. Tintomara permalink

    Det hade varit fantastiskt att få se föreställningen. kan du inte be din tekniske livskamrat att filma och lägga ut det på Youtube?Åtminstone lite?
    Känner annars igen det där med att dra igång kontra avsluta. *suckar*

  6. Heidi: permalink

    Tintomara:
    Merkeleg så mykje me har felles. Kanskje ein snutt på youtube. Skal fri til han som kan teknikken…

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: