Gå til innhald

Ør i hovudet som bare det…

mai 29, 2007

Og eg sletta nettopp ein tekst eg hadde skrive, av rein vanvare… Kyrne beitar på bakketoppen i dag og, og me tek i mot alle gode teikn. I dag har det vore varmt og deilig ute, sikkert tjue grader, og me har sitte på trappa og latt mildveret stryka oss langs ryggen.

Dagen har gått i eitt, ledd for ledd og blitt ei lang lenke hendingar. Eg har nettopp kome heim frå jobben etter undervisning, møte og dramaundervisning. Me har nå taima Jeppe til å vara i femtifem minutt. Me vaksne skulle gjerne hatt tjue gjennomkjøringar til, men ungdomane begynnar å bli metta av øving, så nå får det stå til. Neste veke må me bare hugsa sjampanjeflasker, glas, mosell, hamburgarar og hamburgarbrød, rottefeller og serveringsforkle, vaniljesaus og druejuice…

Nå skal eg snart ta ein dusj og finna meg noko kveldsmat. Til helga skal eg på litteraturfestival i lag med gode venninner. Det ser eg fram til. Eg må bare få roa livet ned såpass at eg får tenkt og pakka litt…

Martin Lönnebo skisserer ni dydar ein som menneske skal strekkja seg mot å etterleva:

“Kjærlighet, glede, fred, overbærenhet, vennlighet, godhet, trofasthet, tålsomhet og selvbeherskelse.”

Kvar kveld skal ein spegla seg i desse, seier han, og sjå kva som har gått gale og kva som har gått bra. Så skal ein strekkja seg etter dei att neste dag.

I ei verd der “Elsk deg sjølv og bruk albuane dine effektivt,” ofte blir ståande som oppskrifta på eit vellukka liv, synest eg at Lönnebo si livsstolking kjennest befriande. Visst skal ein elska seg sjølv, men det skal ikkje gå ut over kjærleiken til og respekten for andre menneske. Om me torde å bruka den slags gammeldagse speglar kvar kveld, kan det henda at livet ville bli noko meir dyrebart sånn etterkvart?

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Falun gongs motto är «Sanning, medkänsla och tålamod». Inte så dumt det heller. Jag lärde mig det när jag tränade falun gong ett tag. Det kändes som ett bra motto. Jag har svårast för det där med tålamodet.

  2. inger permalink

    Takk for alle mai-helsingar! Håpar du ikkje tek fri i juni! Me er mange som er blitt «avhengige» av dette påfyllet! Det merka eg no i pinsa då me var utan internett, TV og fasttelefon!! Ja, me verlevde:)Er no oppdatert på Heiditekstar og Grønlandsfararar og har vore ute på terrassen og sjekka at to kyr er på toppen i kveld og:) Russane her i huset har fri i morgon, mellom to norsk-eksamenar og gjekk akkurat ut. Eg skal snart setja første brett m rundstykke i omnen – heilt perfekt midnattstemning i heimen! Kjærasten er i Oslo, så her er det ingen som legg seg tidleg! Me nådde ikkje turen i helga, Heidi! Try again:) Godnattklem frå naboen:)

  3. Torhild permalink

    Godnatthelsing frå ei «god» mor som har vore heime med ei forundra spysjuk Maren («men må ikkje du på jobben din…?») Håpar ho er frisk imorgon..ho skal jo starta opp på ny skule..
    Når freg du på festival – og kva framkomstmiddel skal du nytta?

  4. Heidi: permalink

    Tintomara:
    Fint motto det og ja. Kva er Falun gong?
    Inger:
    Ja, det har me til gode. Godmorgonklem tilbake.
    Torhild:
    Eg dreg fredag morgon med fly. og tilbake sundag kveld med nattoget. God betring til Maren. Håpar ho er frisk att.

  5. Astrid: permalink

    Hvordan får jeg til å kommentere, mon tro?

  6. Heidi: permalink

    Det er lett- Nå fikk vi det jo til med det samme vi prøvde. 🙂

Legg att svar til inger Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: