Gå til innhald

Sydentur til Santa Cruz.

juni 25, 2007

Då me kom oss ut av dei kronglete gatene i an Francisco, valde me ein veg heilt ute langs kysten i staden for high-wayen. Det viste seg at landskapet der var utruleg vakkert. Kysten kunne minna litt om vestkysten av Norge, Danmark eller kanskje snarare Skottland med lange øde sandstrender, og til dels bratte sandklitter ned til havet.

Det som var mest overraskande var temperaturen. Det var ganske kaldt, faktisk. Ikkje meir enn femten grader, og vinden var kald. Der var ein omtrent komisk kontrast mellom palmar og kaktusliknande sukulentar langs stranda, og den kalde nordavinden som minna ein heil del om heimlege strender. Ein stad me stoppa for å sjå oss om stod det ein heil del kunstmalarar langs stranda med oljemaling og staffeli. Dei stod der og malte med vindjakkar og solhattar under parasollar som skugga mot det skarpaste lyset. Nede i havgapet på klipper av vulkansk stein sat det skarvar og kvilte seg. Det var bokstaveleg talt ganske malerisk.

Då me ei stund seinare kom til Santa Cruz, ein skikkeleg badeby, virka kontrasten til den kjølege fredelege strandstripa me hadde passert ganske sterk. Her var det hus i Mexikansk stil, mange hippe surfebutikkar, barar og Casino, tivoli og spelehallar for barn.

Me delte oss i eit jentelag og eit gutelag og gjekk for å få oss litt mat. Me hadde ambisjonar å få oss litt enkel lunsj i sunn norsk stil, men det viste seg å vera lettare tenkt enn gjort. Vanleg mat, kva det måtte vera var det lite av, og jentene ende opp med cheeseburgar og pommes frites på ein snackbar inne i ein spelehall for barn. Eg tråla menyen etter noko som såg litt sunnare ut og bestilde “chicken popcorn”, små kyllingbitar. Desse var frityrsteikte og viste seg å vera bittesmå, slik at bitane til ein stor del bestod av griljermjøl og peppar kokt i fett. Eg lot ernæringsvett gå framfor oppdragelse, så ein stor del av porsjonen havna i søppelbøtta.

Då me møtte igjen gutelaget hadde Halvard eit sterkt ønske om å få vera i Santa Cruz til i morgon for å bada og slappa av. Sunniva hadde og veldig lyst. Både eg og Ingrid var langt meir tvilande, men det ende med at det blei som dei yngste gjerne ville.

Så nå er me her på “Super 8 Motel”, som har vist seg å ha eit ok overnattingskonsept til vårt bruk. Ungane kosar seg i bassenget utanfor, og kjærasten min somna av utmatting straks han kom inn hit. Det tek nok på å vera både sjåfør og reiseleiar. Eg for min del vurderer å dra på meg badedrakta under tøyet for første gongen i sommar og gå ned til stranda. Er ein i syden så er ein i syden… Og temperaturen ute har stige til over tjue grader i alle fall.

Eg måtte bare skriva litt først sidan pc-en faktisk for ein gongs skuld var ledig.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Venter i spenning på badeopplevelser! Kjekt å følge med dere på turen!

Legg att svar til Torhild Avbryt svar