Gå til innhald

I Canada.

juli 6, 2007

I dag har me brukt store deler av dagen i bilen. Først kjørte me gjennom fjell-landskapet nord i Montana. Så kryssa me grensa til Canada etter å ha stått i kø i ca 40 minutt. Denne vegen slapp me gjennom utan fotografering og fingeravtrykk.

Straks me var over grensa ril Canada forandra landskapet seg og vart mykje opnare og flatare. Eg fekk liksom litt kjensla av å vera tilbake i Europa. Det var litt vemodig å forlata USA, desse to vekene har vore eit konglomerat av ulike opplevingar, og eg skulle gjerne vore der endå lenger.

Me var innom ein liten kafé for å få oss litt mat. Eg bestilte omelett med ost og skinke. Det var kjempegodt. Som tilbehøyr til omeletten var det tre små pannekaker med ei lita mugge lønnesirup. Godt eg hadde nokon med som kunne hjelpa meg litt med å eta opp.

Nå er me vel framme hos svogeren og svigerinna mi i Calgary. Me har grilla på verandaen godt innsmurte med myggolje. Her er masse ville dyr, i hagen er det fleire slags ekorn, ulike typar hjort er i nærområdet, og ein vaskebjørn hadde prøvd å bygga hi i pipa deira. I ein park i nabolaget såg dei bjørn nå i mai, og for nokre år sidan var det ein puma i den same parken.

Eg håpar å få oppdatert litt kvar dag, men dei har ikkje trådlaust nettverk, så det er litt meir innvikla å koma seg inn på nettet. I morgon er det eit kjempestort rodeo-arrangement i Calgary. Det er klart me har tenkt oss dit…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Enjoy!!! og hils vertskapet 🙂 Sa utrolig heldig som har deg til soster 🙂 veldig glad for Leif og aller kjareste tantbarn dere har gitt meg!

  2. Ukjend's avatar
    Eva Mari, Henrik, Ar permalink

    Eg skal skrive ut alt du har skrevet og gi det til svigerforeldra våre. Gler megfortsatttilå sjå deg snart. Før dere kjem skal eg og mangefleire på konsert med Rod Stewart (skal bopå Fiskekroken). klem

  3. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Hels til Elisabeth og Joffe

  4. Ukjend's avatar
    Bjørg og co permalink

    Godt dere er på vei hjem. Håper alle har det bra.

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    May Brit: Vakkert sagt, tusen takk.
    +
    Eva Mari: Skal helsa. Du får gå inn og sjå bileta hos Leif. Takk for at du tek utskrift.

    Bjørg: Ikkje heilt på veg heimover. Først er det Canada.

Legg att svar til Bjørg og co Avbryt svar