Gå til innhald

Så samlar me saman

juli 16, 2007

regntøy og lavvo, luftmadrassar og pumpe, sokkar og støvlar og gjer oss klare for neste etappe.

Eg har fått fortald historiane mine. Alle fem ein gong og den eine to gonger. Eg merker at dei blir betre for kvar gong eg får fortelja høgt for nokon, så eg får vel kanskje terrorisera reisefellene mine i morgon i bilen…

Frans av Assisi har eg fortald om mange gonger før, så den historia har eg eit visst tak på. Frans av Assisi er forøvrig ein mann som eg alltid har vore fascinert av. Det hjelper godt på når ein kan fortelja noko som ein rett og slett har oppriktig lyst til at andre skal høyra. Eg skal fortelja om Frans kvar dag for ulike tenåringsgrupper. Elles er det ei historie for kvar dag som skal forteljast to gonger. Då er publikum absolutt alle som er med på festivalen frå toåringar til pensjonistar.

Elles så har me feira Ingrid i dag med familieselskap, blomkålsuppe, pannekaker, bløtkake, diverse desserter og atten til bords. Det har vore koseleg.

Eg håpar eg får sjanse til å skriva litt på festivalen og. Korsveifestival pleier å vera sånn omtrent det finaste eg veit.

Først skal eg bare…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Lycka till, jag är säker på att det går fint! Det hade varit roligt att få höra dig berätta om «Guds lille fattige» som han ju också kallades.
    Vad är lavvo?

  2. Heidi: permalink

    Ein lavvo er eit sametelt…

  3. Torun permalink

    Velkomen heim til vassekte sommar! Så kjekt å lesa om siste dagane i Canada. Utruleg kjekt at du har fått skrive så mykje og tek vare på det! I dag har de nådd Seljord og ligg kanhende og søv i lavoen. Vonar festivalen er til glede for dokke alle! Lukka te med forteljingane! Vurderer sterkt å ta meg ein tur…Er det ope for dagsbesøk? Ellers så har eg fått «Veven» i hus og kjenner meg i slekt med han som kjem frå «storspovens myrlendte rike».
    Alt godt til deg og dine! Gler meg til neste «epistel» frå di hand!

  4. Torhild permalink

    De får garantert gode dagar på Korsvei, Heidi! Og Torun: God sommar til deg og! Idag har eg hatt samling med 27 barn under 12 år…varmt å dansa i 30 grader – MEN HERLEG!! Adios amigos:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: