Gå til innhald

Neste kapittel av sommaren 07

juli 30, 2007

er starta allereie. Nå er eg heime og skal prøva å få orden på alt som ordnast burde… Ein del har eg fått gjort. Nå har eg akkurat tredd på trekka på lenestolane frå Ikea som var så skitne at eg orka ikkje venta ein halvtime til med å vaska dei.

Vaskemaskinen vaskar døgnet rundt, og ein og ein halv svart søppelsekk er klar for fretex full av klær til gjenbruk.

Då me kom heim skulle eg hiva solbæra i små porsjonsposar i fryseboksen, men midtveis i spannet oppdaga eg at ein del av bæra ikkje hadde tolt lagringa. Så var det å rensa alt på ny, og for å berga det som kunne brukast gjekk eg i gang med å koka solbærsyltetøy seint på kvelden for å stansa gjæringsprosessen.

Det lukta så godt i huset og lukta henta fram synsinntrykka av farmor som kokte syltetøy på kjøkkenet sitt og bestemor som kokte syltetøy på sitt kjøkken som såg heilt annleis ut enn farmor sitt. Og mor og far som reinska blåbær og tytebær etter ein metode nokon hadde fortald dei om… Dei lot bæra renna på skrå nedover eit laken og så skulle bladverket ligga att. Eg hugsar dei som nokså stressa og at metoden medførte eit skikkeleg søl. Veit ikke om dei gjorde det på den måten fleire gonger…

Det er ikkje veldig ofte eg kokar syltetøy. Fryseboksen gjer at det finst enklare måtar, men luktar godt, ja det gjer det…

Kanskje det er alle ryddeoppgavene som ropar på meg, for husmorgenene som stort sett er heller slumrande, har sett i gang både dei eine og det andre. I går bakte eg scones bare fordi ungane hadde lyst på det til frokost, og i dag lukta det herleg her av nybakte rosinbollar. Eg har oppdaga ein genial juksepatent: Dei sel ferdige usteikte bollar i frosen tilstand i nærbutikken min. Ein brettar bare øskja ut og lar bollane heva, så brukar ein øskja som steikebrett, og dei ser heimelaga, trillrunde og frodige ut der dei står i omnen og gjer seg ferdig… Bollar har eg aldri verkeleg fått til før nå…

Som de skjønar. så er eg eigentleg ikkje ei veldig bollebakande mor, men mødre med ryddige kjøkken, rutete dukar på bordet, blomar frå hagen, bollar og kakao står for meg som ein slags koseleg klisjé. Og i dag… var eg altså rimeleg nære… duk og blomar er på plass… Eg skulle bare hatt på meg ein marimekkokjole med blondeforkle over og hatt roser i begge kinna.

Men så er det all ryddinga då. Eg får ta det stykkevis og delt. Veggene i stova treng meir gulmaling og, men me får sjå kor langt eg kjem… Først er det kjellar og loft, soverom, klesskap arbeidsrom og soverom som står for tur… Vem kan segla förutan vind, vem kan ro utan åror?

Og dagane mine skal ikkje bare vera sånn flink husmorrydding ambisjonane er at kvar dag skal innehalda: Ryddeøkt, skriveøkt, ein lang spasertur, noko kulturelt påfyll, sosialt samver med vener og familie og eit par timars brodering på bunaden til Sunniva…

Æh, må innrømma at desse to første dagane har eg på langt nær kome gjennom timeplanen… Men eg har vore på kino og sett Simpson i lag med Sunniva, Halvard, Vilde og kjærasten min, og i dag drog eg og sistnemde person på ei improvisert byvandring inne i den store byen. Me fekk med oss gladmatfestivalen som finn stad i regnet akkurat nå.

Me sat i lett regn ved eit restaurantbord ute i gata, og i beste Lady og Landstrykaren- stil delte me ein skalldyrtapas og ei flaske farris. Det smakte kjempegodt. Ein kunne kjøpa seg endå meir avansert mat som grilla froskelår eller grilla marinert hvalbiff om ein ville det.

Vel heime har me spelt Kokelimonke med ungane og drukke gul Funlightsaft. Med Vilde på overnattingsbesøk i trespann med dei minste mine så blir det som trillingane eg aldri fekk.

Kom rosor och akvileja, kom liljor og saljevia, kom ljuva krusmynta, kom hjärtans fröjd… sånn omtrent slik er det.
Og kjem eg i mål med prosjekta mine? Eller i det minste i seng i natt? Det finst fleire spørsmål enn svar…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    …og fekk assosiasjonar til gode somrar i Quinde-kollektivet ein gong på 70-talet» To varme Spania-dagar att før me kjem heim! Gler meg til å møta deg igjen:)

  2. Heidi: permalink

    God tur heim, mi kjære. Eg har framleis til gode å dekka bord med avispapir og samvirkelagstape slik me gjorde i quindekollektivet.
    Hugsar du gjeteveven me hadde i eit hjørne? Den alle måtte veva eit par cm på?

  3. Eva Mari permalink

    Eg ser for meg faren din med lakenet…….Takk for at du får meg til å flire.

  4. Heidi: permalink

    Eva Mari: Det var då så lite.
    😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: