Gå til innhald

Klokka tikkar

oktober 14, 2007

mot ferieslutt og eg heng med så godt eg kan. Eg har rukke sånn omtrent det eg skulle rekka, og det kjennest bra.

I dag har det vore liturgiarbeid for mitt vedkomande, og tilfedigvis fekk eg besøk av gode vener som værsågod fekk prøva seg som responsgruppe på tekstane mine. Det er alltid så nyttig når det eg lagar får gå vegen om andre sine auge før det skal ut i den store verda.

På torsdag bestemte eg meg for at: Nå er huset reint og nå har eg tid til å invitera gjester. Før eg fekk ombestemt meg trykte eg ei tekstmelding til Kari, Dagny og Kirsten og bad dei setja av neste føremiddag til lunsjselskap hos meg. Så hanka eg inn Syster, og Thorbjørg ringde på søra rett før dei andre kom, så det var tydeleg at ho skulle vera der ho og.

Heile fredagen vart ein sosial oase. Eg hadde besøk av dei mest fantastiske kollegene i verda frå halv tolv til fire og livet stod og dirra mellom rundstykke frå hatting, rosinbollar, vafler og all slags gode salatar. Dette har eg hatt lyst til å gjera heile hausten, og eg har bestemt meg for å ikkje ha det travlare frå nå av enn at slike viktige saker får god plass.

Fredag kveld var eg i lag med andre kolleger og ein heil del andre kvinner i sekstiårsdag hos ei av dei flottaste damene eg veit om. Ho hadde leigd lokale på hotellet og gjort alt så fint at eg fekk tårer i auga. Jubilanten har ein livssituasjon som krev si dame og meire til, men ho tek i mot livet med humor, varme og sitt milde blide vesen på ein måte som er til å ta av seg hatten for. Om eg unnar nokon ein fantastisk fest så er det henne. Me åt tapas og hadde det fint i lag.

Eg sat på sida av ei sprek dame som fortalde om turen sin med den transsibirske jernbanen gjennom Mongolia, og eg tenkte på kor mykje spennande ein kan bruka dagane sine til om ein bare har pågangsmot og fantasi.

Og kjærasten min sende melding i går kveld frå Spania og bad meg senda mail til han. Så maila me fram og tilbake omtrent som for tjuefire år sidan då me var brevvenner og ikkje kjende einannan på ekte, bare laga historier frå kvar våre liv som me sende til einannan på kort og brevpapir og baksida av resepter.

Damene eg jobba med sommarjobb på institusjonen den gongen, spurde om det var kjærasten min som skreiv brev til meg kvar dag, og eg svarte at det bare var ein brevven, og at me truleg aldri kom til å møta einannan. Dei sa at ein ung mann som skriv brev kvar einaste dag er ute etter noko meir, det var dei sikre på. -Og eg lo av dei og skreiv endå fleire brev.

Kjærasten min dansar for tida salsa i Malaga, og har fått så vond rygg at han måtte på apotek for å få medisiner slik at han kunne dansa endå meir. Så smugmater han ein heimlaus katt, sikkert til pensjonateigaren sin store irritasjon…

Nå skal eg til skulen og jobba. Eg får gå ein omveg slik at eg får trim på vegen, og så vil eg bli ferdig så tidleg at eg kan lesa lenge i biografien om Halldis Moren Vesaas før natta hentar meg.

Det er stilt i huset. Gjestene har dradd, og Vilde har reist heim. Sunniva og eg er aleine heime med kattane, hamsteren og undulaten. Sunniva er den personen her i huset som lagar minst lyd. Nå skal me ta ferien ned for landing eg og ho. Og så kjem dei velsigna kvardagane.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Leif permalink

    nå kan det jo forstås dithen at salsa fører til vond rygg, det gjør det ikke (tror jeg), men du får trøste Cleo og Venus med at jeg idag har skrevet postkort til dem.

  2. Torhild permalink

    What a wonderful world:) .. og god betring til han salsaglade senhõren!!

  3. inger permalink

    Rart å sitja ved Dødehavet å lesa om dine gode dagar, Heidi! Her har me det varmt og godt og flyt som korkar. Siste kvelden på turen vår skal me nyta her på hotellet med våre gode, nye venner før me blir vekkte kl 04.30 for å setja nasen nordover. To av sønene mine på ulike stadar i Norge har sendt meg bilete med snø på! Her har me ca 30 grader etter at sola er gått ned 🙂 I Gravhagen i Jerusalem las eg eit av dikta dine frå heftet vårt. Gler meg til å sjå deg att , gode venn! Arne helsar!

  4. Heidi: permalink

    God tur heimover, Inger og Arne. Heldigvis ingen snø her endå 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: