Gå til innhald

Om å skriva.

oktober 11, 2007

I går vaska eg stova og kjøkkenet gullande reint etter å ha skrive det siste innlegget mitt. Sunniva hadde vaska begge bada, det var veldig motiverande.

Eg haldt på i tre fire timar, drog fram alle møblane og tørka støv av lister og ledningar. Det kjendest veldig reint og fint og godt og rett etterpå, sjølv om andre etasjen og kjellarstova framleis står att.

Så såg eg Idol med ungane mine. Tett under teppet i sofaen, og i pausen måtte eg ut og henta meg eit par ullsokkar.

Etterpå hadde eg avtale med meg sjølv om å skriva i eit par timar. Det gjorde eg, og det fungerte så fint som bare det. Eg skreiv til klokka eitt i natt, så gjekk eg ned og la meg, stod opp og kokte kaffi og skreiv vidare.

Nå i føremiddag har eg vore i det der magiske flyt-moduset der tida står stille og bare historia eksisterer. Eg er så utruleg fascinert av historia om glasblåsarbarna.
Maria Gripe er for meg ein like stor barnebokforfattar som Astrid Lindgren. I Norge har me ingen som kan måla seg med desse to i mine auge.

Det magiske er at skodespelet liksom hoppar ut av barneboka og får sitt eige liv. Medan eg skriv sit eg skiftesvis og smiler for meg sjølv eller eg let meg overraska. Var det slik det skulle bli? Å ja, så den scenen skulle løysast på den måten… Det hadde eg ikkje trudd,
javisst, ja… ok…

Dette høyrest heilt sjukt ut, men det er ikkje meir mystisk enn at det heile blir som ein leik. Fantasien går hand i hand med fingrane på tastaturet, og plutseleg ser eg for meg bilete som eg for ti minutt sidan ikkje ante noko om…

Men samtidig er det hardt arbeid å skriva skodespel. Først går ein i vekevis og tenkjer og funderer. Så går ein med ei viss ærefrykt til verket. Kjem eg til å klara dette då? Korleis skal eg begynna? Ein må på ein måte dytta seg sjølv i gang og streva seg gjennom dei første sidene.
Så, i beste fall løsnar det, og plutseleg er det heile ein fascinerande tankeleik med ord og bilete.

Der har eg vore i dag. Kanskje det er dumdristig å ta denne pausen for å dokumentera tankane mine? Nå skal eg tilbake til Ynskjestad, for dit er Flaksa Mildvér på veg akkurat nå for å søkja jobb hos Herskaren…

Det som og kjennest godt er at eg har så flinke folk samarbeida med. Eg har sett Jan Ivar trylla før. Omsetja
bileta mine som blir til ord til levande liv på scenen.
Det er så merkeleg å sjå noko ein har tenkt bli til teater. Eg gler meg. Mi einaste bekymring er om manuset blir litt for langt denne gongen.

Om to timar, eller kanskje tre timar er eg ferdig, trur eg i alle fall. Det kjennest så fint.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Lycka till, jag är säker på att det blir alldeles fantastiskt!

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk, Tintomara.

  3. inger permalink

    Lykke til vidare, Heidi!! Gler meg til resultatet! Helsing frå Jerusalem:)

  4. Heidi: permalink

    Tenk at du sit i Jerusalem og skriv kommentar til meg!
    Kom vel i hamn med skodespelet og har feira mor sin gebursdag i ettermiddag/kveld. Nå er eg i ferd med å leggja siste handa på ein song til ein seksti-årsdag eg skal i i morgon,; Hereg å ha ferie slik at den naturlege dønrytmen kan sleppast fram. Hels Arne mykje og kos dokke på tur. Klem!

  5. Leif permalink

    Det blir sikkert et fint stykke! Venter selv på språkvasken på det nye bokmanuset, de skal sende det ned hit til Malaga

  6. Heidi: permalink

    Håpar manuset kjem fram før du må reisa frå Malaga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: