Tog gjennom levd liv:
Torsdagen var det rett frå jobb og ned på stasjonen for å koma meg på Oslo-toget. Eg stressa litt for å koma meg i veg, men toget var ein halvtime forsinka, så det hadde eg ikkje treng å vera. Etter ein halv time på perrongen i kald vind var det utruleg godt å få seg sete på toget og kunna nyta utsynet til Jærlandskapet i ettermiddagslys.
Eg hadde med meg usedvanleg godt fylgje. Den nye biografien om Halldis Moren Vesaas skrive av son hennar.
Mest 700 sider med mange detaljar og digresjonar inn og ut av eit heilt ekte levd liv. Det er bok for slike som meg.
Eg likar så godt å få lov å ta fylgje langs stier i andre sitt liv.
Kanskje er det biografen, for å unngå heilt det usympatiske ordet kikkaren- eller nærare definert lyttaren, i meg som er ein av grunnane til at eg liker så godt å reisa med tog. Ein kjem så fysisk nær andre menneske og snappar opp biter av liv ein aldri meir skal kryssa. Ein flokk unge gutar sat ved sida av meg. Ein av dei hadde tydeleg ein tråd av hypokonderi og katastrofetenking i ryggmargen akkurat som meg… Han kom med fylgjande vesle livsbetraktning på sørlandsdialekt:
“Altså, på flya, æ ved ikke om dere har lagt merke te de, men dær æ det en nødudgang… Å dær æ de et håndtag, åsså æ de ei brugsanvisning om åssen en åbner den døra… Rett på sia æ de ett heilt vanlig sede… En ved jo at det går mange menneske rondt me suisidale tanker, å enn ved jo ikke hvem. Tenk om det va akkorat den personen så fikk det sedet, åsså fikk an for sæ at han skulle åbne nødudgangen mens flyet va i lufta…”
For dei av oss med fantasi er det alltid nok å bekymra seg for…
Heidi
Hu då, nu törs jg nog inte flyga mer…
men tror du inte de som har hand om flygsäkerhetne har tänkt på det? På någon sätt?
Jeg har alltid lurt på hva som skjer hvis jeg trekker i det håndtaket.
Det har jeg også
igrunn frister det litt.
enig – som å stå på en båt og trekkes mot havet…..
Jo, eg er vel rimeleg trygg på at den døra ikkje let seg opna når flyet er i lufta, men eg har sjølvsagt tenkt nokonlunde dei tankane eg og.
May Brit og Leif:
Og slike folk reiser eg med… 😉
lælælælælælælælæ
Som de sikkert forstod. Kommentaten nest nederst var frå meg til Tintomara. Ikkje frå Tintomara. 🙂
Som de sikkert forstod. Kommentaten nest nederst var frå meg til Tintomara. Ikkje frå Tintomara. 🙂
Som de sikkert forstod. Kommentaten nest nederst var frå meg til Tintomara. Ikkje frå Tintomara. 🙂
Som de sikkert forstod. Kommentaten nest nederst var frå meg til Tintomara. Ikkje frå Tintomara. 🙂
Eit eller anna har hengd seg opp. Sorry…
Og viss nokon kan forklara meg korleis eg fjerner kommentarar som eg vil ha vekk er eg takksam!