Gå til innhald

Med ein heimkomen vandringsmann.

oktober 27, 2007

Ved midnatt i går henta eg vandraren min heim frå flyplassen. Han kom med kofferten full av presangar, spisse svarte dansesko og rutete dress frå Zarah.

Men først rakk eg ein lang ettermiddag på kafé i lag med Synneva, og så rakk eg ein jentekveld med masse ost og andre godsaker heime hos Live. Bensinlampen lyste muntert den siste halvanna mila, og eg såg for meg å bli ståande fast på ein mørk og aude strekning, men det gjekk bra denne gongen og.

Det kjennest som om eg har vore aleine lenge, og det kjennest som han reiste i går. Nå skal me bli vane til å leva tett på einannan att, og eg skal venna meg av med å lesa på senga heilt til eg fell i søvn ein gong sånn utpå natta.

I dag har eg sett bilete og høyrt mange historier frå Spania. Eg har med ein viss velvilje hatt min første salsa-leksjon. – Ein to tre, kvil på fire. Foten fram, løft den andre, foten tilbake kvil. Truleg blir eg ingen stor salsa- dansar, og det kan eg i grunnen leva greitt med.

Eg har fått kvite roser og tend kvite lys i smijernslysekrona. Eg har bakt gjærkringle med mandler, rosiner og kanel, og laga vaflar med kardemomme. Me har opna stova for gode vener som ville ynskja dansaren min velkomen heim, og me har sitte og prata innomdørs i haustregnet i det mjuke sympatiske lyset frå levande lys.

Så hadde eg tenkt å skriva både liturgi og skodespel, men eg er forkjøla og veldig søvnig. Kanskje ein reaksjon på å ha fått tilbake ein å dela kvardagsansvaret med at kroppen flatar ut litt? Då gjestene gjekk vart eg plassert på sofaen med blått teppe og aviser medan kjærasten min, som påstod han var lei av penjonat- og restaurantmat laga middag til oss. Me var mange rundt bordet med tre ekstra overnattande ungar. Natt til i dag hadde me to andre overnattingsgjester. Eg liker å vera mange.

Nå skal eg prøva å sova bort forkjølinga. I morgon skal eg nyta å ha ein fridag som i verste fall kan brukast på sofaen…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Eva Mari permalink

    Bruk dagen på sofaen- og velkomen heim kjære svoger. Du kan godt lære meg nokre dansetrinn, men du veit kor galen Marco blir. Ha ei fin helg begge to! Klem

  2. Heidi: permalink

    På føtene att, Eva Mari! Sofaen er ikkje ein blivande plass. Du får mange stjerner av svogeren din om du kjem hit og dansar ei helg uten Marco. (Nå morar eg meg over at lesarane truleg trur at du er gift med Marco.)

  3. Eva Mari permalink

    er eg ikkje det? No er det studietur til København i morgen…

  4. Heidi: permalink

    God tur Eva Mari. Heldige deg. København er sånn omtrent flottaste plassen i verda.

  5. Leif permalink

    Marco Harboe – det er jo et fint navn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: