Han breie sin fred omkring deg.
Denne teksten pakka seg mjukt omkring meg i kyrkja sist sundag. Songen heitte Reisevise, trur eg, og var ei slags irsk velsigning over den som skal ut på reise.
“Han verne deg frå alt vondt og alle farar.” Koret song, og eg kjende andleta til dei som song. Anne Kristine spelte munnspel til og det var vemodig vakkert.
Eg fekk tak i teksten og gav han til nokon som kunne ha bruk for han. På underleg måte har dette tekstarket hamna på eit nattbord på sjukehuset hos ei som ligg der og tek farvel med livet og alt livet har gitt henne. Det er ein vakker tanke at denne teksten tok vengene fatt frå mi eiga kyrkje og via hjartet mitt og hamna der han skulle.
Fredagen min, fridagen min, er her nå og eg skal fylla han med alt han skal roma. Til nå har eg drukke kaffi, skrive mailar til folk eg likar og omsett eit helgemesselitani frå bokmål til nynorsk, fordi organisten vår spurte så fint om eg kunne prøva på det.
I dag har eg lyst til å skriva. Eg kjenner at dette er ein skrive- og skape-dag. Nå skal eg tøya timane så godt eg kan slik at dei i beste fall strekk til.
Støvsugaren står der nede og frir til meg. Eg har lånt han, og han bør leverast tilbake. Oppvasken dansar på kjøkenbenken, og Sunniva sine strikketøy fyller halve stova. Eg kjenner meg mykje att i den jenta, så det er vanskeleg å oppdra henne til eit ryddigare liv. Akkurat nå er ho heilt seld til strikkekunsten og strikkar panneband i dobbelt garn til alle venninnene sine. Omsorgsfull som ho er så må ingen gløymast, og for variasjonen si skuld så strikkar ho på sånn omtrent tre av dei samstundes.
Om ein time skal eg på elevsamtale med læraren til Halvard, og sidan har eg eit og anna som skal ordnast.
Hovudet mitt kvernar rundt med liturgiar og to skodespel til kulturskulen. Eg får sjå kor langt eg kjem.
I går var eg på teateret og såg Jens i ei stor rolle. Eg hadde fribilett til prøveforestilling og sat ytterst til venstre på første rad og kikka inn i kulissene. Eg kjende på at eg er angripen av teaterfeber, og at eg er heldig som får jobba med teater på toppen av alt anna. Det er frykteleg mykje arbeid med teater, men samtidig som ein rus og ein draum når ein er midt i å skapa noko eller midt i å utføra eit ferdig resultat.
November er ein vakker månad når sola skin slik ho gjer i dag.
Han breie sin fred omkring deg.
Heidi
Så vakkert, Heidi. Og nokre dagar treng me det meir enn andre, omtanken og denne freden du er inne på. Ein slik dag er det i dag, ramla på måfå inn i bloggen din. Nokon kjem og nokon går, slik er livet. «Han breie sin fred omkring deg», så mykje som ligg i desse orda. Himmelsk fred- og ei von- om ein morgondag. Velsigna vera livet! November er ein vakker månad og har i seg merkedagen, Alle Helgens Dag. Nokon å minnast- som eit lys i mørket, og noko å leva på, tenn lys i novembernatta, heilt til morgonen kjem- med vind og vidd og nye stråler på vegen. Takk for gode ord i dagen!
Takk for dine gode ord og, Jarfeld.
No fekk eg lyst å skriva mail til deg om København…
Har lese den gilde mailen! Tusen takk!