Gå til innhald

Og når kvelden komme,

desember 19, 2007

og eg stilt går ombord. Når min livbåt blir låra i seks fot med jord…

Gravferda vart vakker. Kvite liljer på kvit kiste i ei gammal kyrkje pynta til jul med barnehageenglar i sterke fargar. Tung lukt av blomar. Bred dina vida vingar o Jesus över mig…

Sunniva har misforstått kor tid ho måtte gå frå skulen, og kjærasten min klarte å oppdriva ho i siste liten før ho vart for sein til å vera med. Ho må skifta frå skuleklærne oppe på galleriet. Halvard kjem den mørke dressen han fekk til 17.mai. I det antrekket skrik håret hans endå høgare etter ein tur til frisøren.

Leid milde ljos i gjennom skoddeeim, leid du meg fram.
Mor og far på første benk, og onkel med medbrakt rullestol på sida av syster og meg. Mor sine barndomsvenninner kjem til kyrkja i flokk og fylgje, og det rører meg at dei framleis har slik omsorg for einannan, meir enn femti år seinare. Ei av dei har kjørt i meir enn tre timar for å koma dit.

Då lyser mot meg engleåsyn blid, som eg har elska før, men misst ei tid. Presten er så fin. Det lyser varme og ro ut av han. Han har teke seg god tid til å snakka med dei etterlatte for at det som blir sagt skal vera så rett som mogleg. Eg blir glad og rørt fordi det er slik. Slike prestar skulle alle få med seg den dagen dei skal ta avskil.

Gjev meg handa di ven, når det kveldnar… Og nettopp handa var det han ville ha då det storma som verst på slutten av ferden. “Hånda”, sa han, “Hald meg i hånda”, først då fann han streif av fred…

Presten gjev teikn til at me kan bera ut kista. Eg ber på høgre sida mellom bror og svoger. Kjærasten min og far går på den andre sida saman med Sven. Det er trehandtak på kista. Eg meinar å hugsa det var metallhandtak då me bar ut bestemor, men kanskje eg tek feil. Døra er smal i denne kyrkja så me må berekna godt for å koma oss greitt ut. Me går ned ein bakke på
kyrkjegarden og bak kjem syster med onkel i rullestolen. Han seier ho må halda at så han ikkje skal renna frå henne, og Ingrid må støtta framme. Me held igjen så ikkje vogna kista kviler på skal renna for fort framover.

Plankane over den opne grava er glatte og eg blir litt redd for å skli, men me får plassert kista trygt på heisekjettingane.

Så senker dei ho ned i det skarpskorne holet i molda, og det slår meg at seks fot med jord er ganske djupt. Presten kastar tre skuffer mold ned på den kvite kista. Av jord er du komen, til jord skal du bli, av jorda skal du igjen oppstå…

Eg står på sida av far. Han syng med på salma. Så ta da mine hender og led meg frem, inntil jeg salig ender i himlens hjem. Frå den andre sida høyrer eg Sunniva sin stemme. Songstemmen hennar er spinkel og sterk på same tida. Han rører meg djupt. Varsamt legg eg armen kring den smale ryggen hennar.

Heidi

From → Uncategorized

10 kommentarar
  1. maybrit permalink

    seile eg vest havet
    te mary McKear
    i det grønna tirna noir

    snart på tide å skriva teksta te Vamp nå?

    aktivera kolbein falkeid genet?

  2. Heidi: permalink

    Det skal eg tenka alvorleg over. Gjer det kanskje ein dag. Men du fekk bare med deg halve teksten.

  3. maybrit permalink

    det var ei sterk gravferd

  4. Heidi: permalink

    Ja.

  5. maybrit permalink

    ja det var bare en linje fremme da jeg la inn kommentar 😉

  6. RaTo permalink

    Kjære Heidi, Tusen takk for denne vakre teksten! Den rørte meg djupt. Ei fredfylt og god jul til deg og dine! Juleklem frå meg

  7. Heidi: permalink

    God jul til deg og. 🙂 RATO

  8. Jarfeld permalink

    Takk, Heidi, for alt det fine du har delt med oss på bloggen i desember! Det å fylgja så tett eit menneske som står ein nær, er skildra på ein taktfull og gripande måte. Med varsamme og enkle
    ord formidler du desse gløtta inn i den siste livsreisa. Verdig og med djup respekt for menneske, livet og døden.
    Ei julerose skulle ein gjerne gitt deg som ein liten takk for desse gyldne augneblikka av levd liv. For dei av oss som har fulgt nokre av våre den siste vegen i haust, og samstundes har fått lese tekstane dine, vil eg tru det gjev særskilt meining og set tankar i sving. Slik har det i alle høve vore for meg. Ære vera deg for det, kjære skribent! Ynskjer deg ei velsigna julehelg!

  9. Heidi: permalink

    Ei velsigna julehelg til deg og Jarfeld, og takk for gode ord.

  10. morsan permalink

    Ja, tack Heidi för att vi fått följa och tack Jarfeld för att du kunde uttrycka det jag inte kunde ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: