Gå til innhald

The notebook.

desember 30, 2007

Eg har akkurat sett ein vakker film som Odd Christian gav meg til jul. Han sa at det var ein av dei finaste filmane han hadde sett. Då eg refererte han til kjærasten min og sa ein av dei beste filmane så vart eg retta på, for fine filmar og gode filmar var ikkje nødvendigvis synonymt fekk eg vita.

Men fin i betydning vakker film, det var det absolutt. Ingrid og Oddvar hadde sett han då eg var austpå, men kom likevel og såg saman med meg. Og Oddvar kokte kaffi til meg slik at eg slapp å gå frå filmen då eg fekk lyst på ein kopp.

Kvinna i filmen har skrive ned livet sitt og kjærasten les for henne for å prøva å halda kontakten med henne gjennom ein framskridande demens. Vakkert laga.

Og dette er min form for “notebook”, utan samanlikning forøvrig håpar eg. Akkurat som Tintomara skreiv at ho gjorde, så hender det at eg går bakover i arkivet mitt og les kva eg skreiv i fjor, i forfjor og året før det igjen her på bloggen. Då slår det meg kor syklisk livet er. Ofte liknar tekstane eg skreiv då til forveksling på det eg kunne ha skrive nå. Og sidan eg likar livet mitt så er eg glad for at det er slik.

Dette vart ryddedagen. Eg gjorde meg klar til å gå til gudsteneste, men her var ingen i kyrkja mi i dag. Så vart det ein ryddande føremiddag. Etterpå gjekk eg til jobben og rydda der og. Eg rydda i gigantiske papirmengder som eg ikkje har makta å ta unna etterkvart. Nå er eg så godt som ferdig, og dett kjennest bra: Det er bare ein ting som plagar meg. Eit viktig dokument eg burde vita kor er finn eg bare ikkje. Eg leitte i vekene før jul og… Ein veldig ubehageleg tanke om at eg har kunne kome til å makulera det ved ein feil plagar meg litt… Men det meste dukkar opp, og gjer det ikkje det er det lite truleg at nokon kjem til å skyta meg…

Likevel. Midt i kaoset mitt skjuler det seg ein samvitsfull person som likar å ha kontrollen…
Men dette ordnar seg…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Gott nytt år, och tack för allt fint du skrivit så här långt!

  2. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Så här långt = hitintills.

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk det same, Tintomara, eg forstod kva du meinte.

Legg att svar til Tintomara Avbryt svar