Barnsleg eg?
Som brukar stoppeklokke når eg gjer husarbeid, med høgtideleg løfte til meg sjølv om at eg skal få same antall minutt ved tastaturet etterpå?
Som sit ein særdeles travel kveld med quizar på start.no og prøver ut to gonger på rad kva slags sko eg eigentleg er?
Me lever i ei tid med ekstrem dragning mot sjølvbekrefting. Det kan jo henda at lesarane ikkje får sova i natt viss dei ikkje får vita svaret… Svaret på kva sko eg er, altså… To gonger på rad vart eg ein converse-sko. “Du er sjelden, fortsett med det,” var dommen…. Og då hadde eg måtta juksa og tilpassa svara fleire plassar fordi ingen av svaralternativa stemde for meg. På spørsmålet om kva eg hadde mest lyst til å gjera med det same eg vakna ein lørdags morgon, svarte eg den eine gongen: “Sitja på trappa og røyka,” og den andre gongen:” Gå i demonstrasjonstog…”
Nå har eg aldri røykt, og det er etterkvart blitt langt mellom demonstrasjonstoga, men dei to andre svaralternativa: “Gå på shopping,” og “Ta ein tur til beautysalongen. “passa i alle fall ikkje… Sitja på trappa der i mot… Så altså folkens, ein conversesko…
Viss det blir mange skrivefeil her, så er det delvis fordi eg ikkje har på meg briller, eg gjekk bare forbi pc-en, og stoppeklokka tikkar tross alt på husarbeid… Og dessutan spaserer det ein katt med buskete hale fram og tilbake på tastaturet medan eg skriv…
Heidi
I kategorien husarbeid er det noko som heite støvtørking av tastatur, sådåså…
Genialt formulert Eva Mari.
Av ein eller annan grunn er ofte tastaturet ei relativt støvfri sone her hos meg…