Gå til innhald

Liturgisk sett?

januar 26, 2008

Mange spørsmålsteikn blir tend i auga på ein del folk når eg seier at eg jobbar med nye liturgiar. Liturkvadåfornoko?

Kyrkjespråket, prøver eg å forklara. Bøneropa, og dei andre ledda som går igjen i gudstenestene. Det presten seier utanom i preika, og det folk svarar.

– Men skal det forandrast då? Er det ikkje greitt nok som det er? spør mange. -Og det er jo forsåvidt eit godt spørsmål.

Men nå sit eg nå her og leiker meg med å formulera nye bøner. Det er ei stor utfordring å bevara formen og samtidig utfordra formen. Det er reine skattejakta å prøva å finna formuleringar som er gode, og som har spenst, samtidig som dei skal vera slitesterke nok til å kunna brukast over tid. Dei skal vera så personlege at dei kjennest personlege, og samtidig så allmenne at folk kan leggja sitt eige liv og sine eigne erfaringar inn i dei.
Dei må heller ikkje vera så runde at dei ikkje lenger utfordrar oss, språket og trua vår.

So help me God…

Dette er utruleg interessant, men samtidig noko av det vanskelegaste eg har gjort. Stemmen skal vera meir allmenn enn han er min, og det skal vera ord som kan brukast til gudsteneste, bøn og ettertanke. Nokre av bønene skal brukast ofte, medan andre skal vera i ein ressursbank til heilt spesielle anledningar…

Framleis nokon som heng med i svingane. Då har eg faktisk lyst til å visa eit par av dei bønene eg sit her og jobbar med akkurat nå. Viss dei etterkvart blir brukbare reknar eg med at dei kjem i ressursdelen i liturgiboka, ikkje som dei som skal brukast aller mest. Eg er svært glad for tilbakemeldingar frå dei, både frå folk med eit sterkt forhold til liturgi og frå folk som ikkje har noko forhold til det i det heile tatt. Gje meg gjerne ramsalt kritikk…

Dette er ei samlingsbøn til bruk tidleg i gudstnesta.
L= Liturg= prest eller ein annan som les teksten høgt aleine.
A= Alle som er i kyrkja.

L: Gud, la dette romet
vera stort nok til å romma oss.

A: La det vera stort nok
for liva våre
og for alt det me ber med oss.

L: La det vera høgt nok under taket,
til ekkoet av levde dagar
og til skrika frå levande barn.

A: La det vera stille nok til at me kan høyra deg.

Dette er ei anna samlingsbøn:

L: Me er her.
Finn oss Gud.
Finn dei glade tankane våre.
Finn viljen vår til å leva heile liv.
Finn det i oss som alltid lengtar
etter å få leva som trygge barn
nære inntil deg.

A: Finn oss og bevar oss.

Så tek eg med to litt meir spesielle bøner. Eg har blitt utfordra til å skriva noko med spesielt fokus på glede og humor. I England har dei visstnok årleg ei klovnegudsteneste i ei spesiell kyrkje. Fascinerande. Desse to samlingsbønene er tenkt å kunna brukast i temagudstenester med spesielt fokus på livsglede:

L: Me er her for å løfta gleda
høgt mot himmelen og mot stjernene.
Saman skal me le mot livet
og smila overberande av oss sjølve,
me som ofte dett for djupt ned i alvoret
og gløymer at me har smilehol.
Ta i mot oss og gledene me ber på;
gleder fødde i alvor og erfaring,
gleder fulle av leik og tøysete songar.
Ta i mot oss her me står
med og utan raude klovnenasar.
Lat gleda slå djupe røter
i oss og mellom oss.

A:Me takkar deg som skapte oss til glede.

***

L: Me er her
me som har latter i lommane
og ber med oss glade vindar i håret.
Me er komne for å fylle huset ditt med glede.
Den himmelblå gleda over å få leva
skal me pusta roleg ut og inn.
Alt anna legg me til sides eu stund.
Tal til oss du, gledenes Gud.

A: Gjer oss sterke og heile.

*

Heidi

From → Uncategorized

14 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Eilen permalink

    Fantastisk, Heidi. Eg har lyst å gå i kyrkja og vera med å be den første samlingsbøna. Tenk å ha ein slik Gud!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Men det har me vel. 🙂
    Tusen takk, Eilen.

  3. Ukjend's avatar
    Tone Anita permalink

    Du skriver så flott, Heidi!! Gleder meg over å lese alt du skriver!! Tror også vår Far gleder seg over en slik liturgi!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink
  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, Tone Anita. Veldig lenge sidan, håpar du har det bra!

  6. Ukjend's avatar
    Arne permalink

    Eg vil også berømma arbeidet du gjer i denne samanhengen. Eg er glad for å leva i ei kyrkje som har vett nok til å sleppa til sånne som deg!
    Eg har likevel ein kommentar. Har sett på den første bøna, som eg har stor sans for. Men eg spør meg om du burde arbeida litt vidare med den? Det gjeld forholdet mellom det liturgen og kyrkjelyden seier i det andre leddet. Eg tenkjer meg noko i denne retninga:

    L: Gud, la dette romet
    vera stort nok til å romma oss.

    A: La det vera stort nok
    for liva våre
    og for alt det me ber med oss.

    L: La det vera høgt nok til å romma oss.

    A: La det vera høgt nok under taket,
    til ekkoet av levde dagar
    og til skrika frå levande barn.

    L: ……. (her bør det i så fall koma noko, som eg ikkje har klart i hovudet)

    A: La det vera stille nok til at me kan høyra deg.

  7. Ukjend's avatar
    Arne permalink

    Nei, dette forslaget blei ikkje slik eg hadde tenkt …! Det andre utsagnet til liturgen skulle vera slik:
    Gud, la dette romet
    vera høgt nok til å romma oss.

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk for innspelet, Arne.
    Eg set stor pris på det, og skal sjå meir på dette. 🙂

  9. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Vil du gi meg beskjd hvor og når og hvis der er gudstjeneste med spesiellt fokus på livsglede? Liturgi er jo ikke mitt hovedinteressefelt, men livsglede og det glade budskap har jeg jo sans for. Bestyreren har jeg og et slags forhold til, selv om vi sjelden treffes akkurat i kirkerommet. Eg like deg, Heidi!

  10. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Og eg like deg og, Gunn. Ta godt vare på bestyreren 😉

  11. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Sånn som i kveld når jeg har hatt besøk av datter og barnebarn, og kjenner at akkurt jeg er den heldigste i hele verden, så takker jeg og har vel en slags gudstjeneste med spesielt fokus på livsglede. Sånn aldeles helt privat.
    Gud eller kim det nå va……. er det ikkje slik de synger det.

  12. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Jo absolutt.
    Har sansen for Vamp eg og. 🙂

  13. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Vet du Gunn – jeg blir glad bare jeg tenker på deg 🙂 du er vidunderlig

  14. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    🙂

Legg att svar til Arne Avbryt svar