Gå til innhald

Tannlegar, turar og etterverk.

februar 18, 2008

Den første skikkelege feriedagen begynte med eit besøk hos tannlegen. Prosjektet var å slipa ned ei tann som hadde sprukke rundt ei stor fylling. Tannlegen haddde funne ut at det ikkje var meir tann att å reparera, og at eg trong ei ny krone.

Ved første ynk fekk eg meir bedøving, og tannlegen sa at det var heilt uvanleg at pasientane snakka ubesværa vidare med ei støypeform full av silikon rundt kjeven.
Eg repliserte muntert at snakketøyet var ein av dei tinga som fungerte relativt godt på meg. Kanskje ei ferdigheit som heng att frå eg var to år? Far min fortel nemleg at eg snakka likegodt med tutten i munnen som eg gjorde utan… Og for meg har det alltid vore beroligande å masa i veg når noko er litt skummelt.

Tannlegeskrekk kjenner eg framleis snev av, men det å gå til tannlegen har betra seg betrakteleg frå den gongen ein sat intetanande i klasseromet og var sju år gammal, og det plutseleg stod ein kvitkledd tannlegeassistent i døropninga for å henta ein med til skuletannlegen. Skuletannlegen min var sikkert ein dyktig kar, men bedøving trur eg ikkje det var snakk om å få… Ikkje alle takla det like godt å bli henta på den måten. Eg hugsar ein gut som var eit år yngre enn meg som rymde heim då han vart forsøkt henta til tannlegen. Me andre kunne spent fylgja rymingsdramaet med redd gut og tannlegeassistent gjennom vinduet i mattetimen…

Og alltid er det ein sann fryd å kunna gå ut frå tannlegen sitt venterom, meir og mindre skeiv i ansiktet etter all bedøvinga ein har klart å tigga til seg…

I dag bar det rett på kafé for å treffa først Gunn og så Karin for å eta lunsj saman. Eg trong ca tre gonger så lang tid som vanleg til å få i meg salaten min, for både kjeve og svelg var delvis bedøva. Men utruleg koseleg hadde me det. Dei to er begge flotte damer som eg vart kjend med på eit tidleg stadium i livet mitt. Dei representerer kvar si bunke historier som eg kunne ha lyst til å fortelja her sånn etterkvart. Akkurat nå har eg nok med å prøva å fortrenga etterverken i den nedslipte tanna, men eg har akkurat vore og forsynt meg i medisinskapet, så det går nok over.

Ein spasertur langs vatnet fekk me og tid til etter å ha ete salat, og så hjalp me einannan å leggja bitar i det store levande puslespelet. Me fann ut at ein mandag utan andre forpliktelsar enn å møta gamle venninner til salat og spasertur, det var noko ein eigentleg trong av og til for å vera lukkeleg.

Far min hadde kokt ei stor gryte med heimelaga kjøttkaker, og sende meg mykje sms reklame: “Kjøttkakene er i gryta, og det er meir enn nok til alle.” “Nå står snart middagen på bordet…” osv. Til slutt halte eg med meg eldsteguten og kjørde opp for å eta kjøttkaker, som smakte heilt fortreffeleg. På veg heim stoppa me på kjøpesenteret, og eg lot meg overtala til å koma med eit bidrag til ein litt losliten studentgarderobe. Eg måtte jo vera einig i at det å eiga eit par sko var i minste laget etter norsk standard.

Me hanka med oss Ingrid etterpå og fekk handla litt mat. Eldstemann måtte låna meg pengar til både mat og til skorne han skulle få, for lommeboka mi låg attgløymd i stova til mor og far. Då far ringde for å fortella det, var me framleis i bilen. Min kavaler av ein son måtte ta mobilen og snakka med morfaren sin medan eg kjørte. Eg høyrde han koma med fylgjande replikk: “men eg er slik sjølv så eg kan ikkje bli irritert på henne…” Klart ein får skor og genser av mor si etter ein slik forsvarstale… Medan me fylde opp handlevogna på coop- mega sa eg til Ingrid at eg var kjempestolt over å visa meg med henne og storebroren på butikken. Ho hysja meg diskret ned…

I morgon er det farmor neste. Det er alt for lenge sidan sist. Ho har rukke å fylla nitti-ein år, og eg gler meg til å sjå henne att.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Gun permalink

    Takk for sist, det var da så koselig att. Mindre kjekt at du ble dårlig i tanna! Håper at du er bra igjen, men sier god bedring iallefall.

  2. Heidi: permalink

    Det gjekk heilt over 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: