Gå til innhald

Vinterferien har begynt!

februar 16, 2008

Og denne ferien skal brukast til litt av kvart. Sann mine ord! Eg må bare henta meg inn litt først.

I går kveld kom eg heim etter tre dagars hotellkurs i dramaturgi. Eg er overmanna av kreative idear, og framleis ganske søvnig etter seine kveldar og mange inntrykk.

Då eg låg på sofaen, godt under eit teppe, med beina i fanget på kjærasten min sånn godt ut på kvelden, ringde det på døra. Der stod eldsteguten med strikkelue og ryggsekk og krøller som krølla seg over skuldrene. Heilt overraska vart eg ikkje, eg visste han hadde ferie, men han hadde fått det for seg at han ville overraska oss og dukka opp utan at me visste det. Eg vart urimeleg glad for å sjå han. Han henta seg frosen marsipankake direkte frå fryseboksen, og lurte på om eg hadde lyst til å laga eit varmt måltid til han.

Sunniva reiste klokka seks i dag morges i lag med 74 andre ungdomar for å bruka haustferien på snøferie til Hemsedal. Eg hadde tenkt å stå opp for å ynskja god tur, men far hennar kjørde henne til bussen utan at dei vekte meg. Ho har ein lang busstur for å koma fram, bortimot tolv timar. Får håpa at dei ikkje kjem ut for uvér på vegen bort og at eg får henne heim att like heil med snøbrettet under armen seinare i veka.

Sjølv sov eg lenge, og var trøytt då eg vakna. Halvard meinte me burde feira ferien med nysteikte lappar til frokost, så slik vart det, og masse svart kaffi til å vakna på. Leif Olav ringde på døra og fekk nysteikte lappar han og.

Ingrid har kome inn på folkehøgskulen ho helst ville begynna på. Arbeidsprøven hennar må vera godkjend for ho fekk tilbod både om å begynna på forfattarlinja og teaterlinja. Ho har takka ja til teaterlinja. Det er mest så eg misunner henne. Det høyrest så fint ut med eit slikt år med fokus på å utvikla seg som skodespelar og menneske, men eg ville nok heilt klart ha vald forfattarlinja om det var eg som var atten år og skulle i veg.

Me er inviterte heim til ei av barndomsvenninnene mine i kveld. Det blir sikkert fint. Eg er veldig klar for ferie. Kanskje eg rekk halvparten av det eg har planlagd. Slik ser det ut til å bli i dag i alle fall…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Undrade just vart du tagit vägen! 😉
    Ha en skön ferie! Min är slut på måndag.

  2. Heidi. permalink

    Takk, det skal eg Tintomara. nyt siste rest av din.

  3. Heidi permalink

    Takk for raderingshjelp, Andreas. 🙂

Kommenter innlegget