Gå til innhald

Ja, takk. Alt saman.

mars 20, 2008

Ferien er her. Det kjennest godt. Samtidig innser eg med ei viss smerte at det eg har planlagd inn i denne veka med fri rett og slett ikkje let seg gjera. Ikkje alt saman i alle fall. Det er rett og slett ikkje rom nok. Og eg let meg stressa litt av denne kjensgjerninga, men innser at det er bare dumt.

Det er mange eg gjerne vil bruka tid saman med. Bunadbrodering skal ha mest mogleg tid, eg skulle ha flikka ein to tre manus, skulle ha arbeidd litt med liturgi, huset skulle ha vore strigla, eg har rekna med lange daglege spaserturar eller andre former for trim, og eg skal ta meg av familien som har gitt uttrykk for at dei ser litt lite til meg. Og dessutan vil eg gjerne prioritera det andelege aspektet av livet i akkurat denne veka…

Men eg innser mi begrnsning. I alle fall gjer eg det delvis. Eg tek i mot timane og dagane og innser at eg ikkje rekk halvparten av det eg hadde tenkt innan ferien er over…

Ein stemningsrapport skal det bli, for skriving tek eg meg jo tid til… Eg sit her i stova med utspringande gule liljer i ein metallfarga vase. Gunnar er snill mot oss, i dag. Han er her med ei bunke maematikkutstyr, og sit ved same bordet som meg i lag med Ingrid. Dei jobbar med den matematikken Ingrid helst skal kunna til tysdag. Ho slit med matematikken medan det andre skulearbeidet stort sett flyt som ein stille draum…. Gunnar er lektor i matematikk, og er akkurat den mannen som trengst for at brikkene skal kunna koma i orden i det store matematiske biletet dotter mi helst skal ha til eksamen.

Eg sit og leikar meg med det siste nye utstyret i heimen: Ein berbar PC som er ca 22 × 14 cm i omfang. Han er med andre ord heilt utruleg liten. Aberet, som eg oppdaga etter at eg var i gang med skrivinga, er at han ikkje har dei skandinaviske vokalane i tastaturet. Det betyr at eg har visse begrensninar i skrivearbeidet, fordi ordvalet blir begrensa til dei orda som ikkje har desse bokstavane… Dersom du som les dette har stussa over formuleringane mine, er truleg dette grunnen…

Huset luktar av nysteikte rundstykke, faren til ungane mine har leika seg utan oppskrifter og servert grove rundstykke med ost og urter i deigen. Eg har vaska golv, og fleire skal det bli. Eg har brodert lyng og jonsokblomar og er litt stiv og vond i akslene fordi eg ikkje er van med brodering i timesvis om gongen… Ute er det kvitt og slapsete samtidig. Natta og morgonen har bore med seg ein uventa rest av vinter.

Eg har tenkt at huset skal berikast med ei eplekake eller to. Det kjennest ut som eit rett tidspunkt for baking. I morgon har me invitert gode venner til frokost. Det er ein langfredagstradisjon me har hatt sidan dei store ungane var mykje, mykje mindre. Morgondagen vil visa om ungomane framleis vil markera langfredagsmorgon i lag med oss, eller om det etterkvart blir ei samling bare for foreldregenerasjonen.

I kveld har me ein hyggeleg invitasjon til eit lite selskap. Det betyr at det ikkje blir nattverdsgudsteneste for meg i anledning dagen. Det er eit slags sakn, for eg vil gjerne kjenna mysteria heilt fysisk i akkurat desse dagene.

Neste gong eg skriv lovar eg at eg skal bruka ein normal pc… Eg ser at klokkeviserane flyttar seg raskt. Ei venninne har meld at ho kan dukka opp snart. Kanskje er eplekaka klar til ho kjem.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: