Gå til innhald

Quiz:

mai 22, 2008

1. Klokka er snart halv elleve om kvelden. Kor er eg?

1. På skulen for å legga fram kostyme til elevane mine
x. I senga for å få ein ekstra porsjon helsebringande søvn med ein
lånt berbar pc på magen.
2. I hagen for å nytta kveldslyset til luking.

2. Kva oppdaga eg då eg kom til jobb i dag morges?

1.At det var ein vannlekkasje over arbeidspulten min, og diktatane
frå i går var uleselege.
x. At dei tre speilegga eg hadde tenkt å ta med til lunsj stod att på
kjøkkenbenken.
2. At eg eigentleg hadde fri i dag…

3. Kva hadde eg til middag i dag?

1. Eg møtte ei gammal venninne som spanderte tre rettars
middag på restaurant.
x. Restane av ei gryte spaghetti elevane brukte på scenen som
eg ikkje hadde hjarte til å kasta.
2. Ei svidd kotelett som naboen ropte meg over for å spandera.
Han hadde grillparty i anlednig femtiårsdagen, og gjestene
orka ikkje meir mat.

4. Kva har eg fått i gave i dag?

1. Ein utstoppa bever.
x. Eit maleri og to tablettar til kuren thirty days.
2. Ein bibel frå 1800- talet med gotiske bokstavar.

5. Kva skal eg gjera i morgon kveld?

1. Gå i frå dei tjue gjestene heime i stova for å eta reker
ein annan plass.
x. Dansa tango på fin danserestaurant.
2. Gå på utekonsert med Kaizers Orchestra.

6. Kva gjer eg mens eg skriv dette?

1. Et kald rømmegrøt, mens eg prøver å jaga katten vekk
frå tastaturet.
x. Har ein undulat i håret, og ein på skuldera.
2. Snakkar med sonen min som sit i Bergen og les til
eksamen.

Kven kjenner meg best, og får seks rette?

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. 1. På skulen for å legga fram kostyme til elevane mine
    2. At dei tre speilegga eg hadde tenkt å ta med til lunsj stod att på
    kjøkkenbenken.
    3.x. Restane av ei gryte spaghetti elevane brukte på scenen som
    eg ikkje hadde hjarte til å kasta.
    4. Eit maleri og to tablettar til kuren thirty days.
    5. Gå i frå dei tjue gjestene heime i stova for å eta reker
    ein annan plass.
    6. Snakkar med sonen min som sit i Bergen og les til
    eksamen.

  2. maybrit permalink

    1.1 – 2.2 – 3.1 – 4.2 – 5.1 – 6.1

  3. Gunn permalink

    Våger påstå at flere svaralternativer kunne ha vært helt riktig. Det er like sannsynlig at du har en katt i håret som en undulat på tastaturet.

    Men……jeg er sikker på at du har hatt smilemunn.
    Gratulerer med fødselsdagen, fra Gunn.

  4. Heidi: permalink

    Tusen takk, Gunn. Og dokke andre: Eg vil ikkje røpa svara heilt endå. Legg merke til at eg skriv dette før klokka seks om morgonen. 😉

  5. Tintomara permalink

    1, X, 2, X, 1, 1.

  6. Heidi: permalink

    Alle er inne på noko, men ingen har full pott. 🙂

  7. Eva Mari permalink

    1,1,2,2,1,2

  8. Heidi: permalink

    Ikkje heilt det heller 🙂

  9. Heidi: permalink

    Her er svara:
    1,x,1,x,1,2 Og dei tjue gjestene i stova var Sunniva sine, ikkje mine…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: