Gå til innhald

Zzzova znart…

mai 31, 2008

For nå held augene på å detta igjen heilt av seg sjølv. Eg må bare kartleggja kor Sunniva og Vilde held hus, og få dei heim for kvelden…

Eg har feira syttiårsdagen til min Onkel Laurits. Me fekk eit tips om at dei haldt ope hus og gjerne ville ha besøk. Sidan me er sjeldne gjester i garden både eg og syster, fann me ut at me ville ta turen for å gratulera litt skikkeleg for ein gongs skuld. Ingrid ville gjerne vera med mor og tante på jentetur, og så la me i veg. Sjøen var blank og stille. Det lot seg rett og slett gjera å bera eit pappkrus kaffi i kvar hand og balansera seg gjennom båten uten at det skvalpa over.

Me fann oss eit kjøpesenter undervegs og kjøpte ein stor bukett liljer og blå blomar. Ingrid vurderte sterkt å kjøpa ein kjøtetande plante, men det ende med at ho let det vera. Me hadde lova å plukka med oss farmor, og då me kom fram til henne stod ho på trappa og venta i kongeblå finkjole med kortklipt snøkvitt hår.

I hagen til fetteren min hadde dei dekka bord med nydelege blomar inne i eit ope partytelt. Regnet og toreveret let heldigvis vera å koma, sjølv om det låg og dirra litt i lufta. Me åt rekesmørbrød med dill og majones, og laksesmørbrød med eggerøre. Bordet bugna av kaker med jordbær, kaker med nøter, heimelaga iskaker og ostekaker. Eg fekk snakka med søskenbarn eg mest ikkje har sett dei siste ti åra, og møtte søskenbarnsbarn eg aldri før har sett med sommarkjolar og solhattar.

Jubilanten skein som ei sol, og me hadde konkurrransar og gjetta i kva årstal det store raset gjekk på Sjurseike og slikt… Me hadde utsikt over fjorden og det var omtrent like idyllisk som klippa ut av eit Skagensmaleri eller eit Carl Larssonbilet.

Eg fekk ikkje snakka så mykje med farmor, men det var godt å sjå at ho framleis var toleg frisk og rask. Eg sa at ho måtte koma i konfirmasjon til Sunniva i september, og ho lova å tenkja på det. Konfirmasjonsgaven fekk eg med meg i alle fall… Dagen går mot ein ende, og det same gjer månaden mai… Ein skikkeleg feiringsmånad. Eg har i vore i femtiårsdag, førtiårsdag, sekstiårsdag og syttiårsdag. Til alt overmål skal eg feira åttiårsdag neste helg…

Og akkurat nå som det er blitt like naturleg med dagleg blogging som med dagleg tannpuss… Er det verkeleg juni i morgon, eller har eg bomma med ein dag? Det får eg finna ut etter at eg har posta dette. Eg veit frå før av at månaden mai stryk forbi som ein bris mot kinnet. Så blir det ferie, sånn etterkvart, og tida kjennest romslegare.

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Det har varit så roligt att du skrivit var dag!

  2. Heidi: permalink

    Takk skal du ha, Tintomara.
    Kanskje eg ikkje klarer leggja av vanen med dagkeg skriving… 😉

  3. RaTo permalink

    Ja, Heidi, takk for at du har delt stort og smått med oss desse vakre maidagane. Det har vore strålande lesing! :o)

  4. kusine karen permalink

    Mange mange takk for at du kom i 70 årsdagen!! Pappa blei svært glad for at dåke kom.Han blei svært overaska og gav dåke 3 gode velkomst klemmar.Han hadde ein strålande dag med alle sine kjære rundt seg.
    Ta turen igjen i sommar.
    klem

  5. Heidi: permalink

    Tusen takk, Randi Tone.
    Takk Karen, det har eg lyst til. Ingrid koste seg og.

  6. Borghild permalink

    å eg savner oldemor. må ha meg ein tur til vats i sommar.. 🙂

  7. Borghild permalink

    å eg savner oldemor. må ha meg ein tur til vats i sommar.. 🙂

  8. Heidi: permalink

    Det må du, Borghild. Det set ho pris på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: