Gå til innhald

Her komme me, de umulige,

juni 30, 2008

hånd i hånd med de utrolege… – Me ska få te det umuliga
om me våge tro det utrolega…

– Sitert etter minnet frå Sigvart Dagsland sin tekst…

I dag har eg gått tur med Jan Ivar. Me trilla kvar vår barnevogn gjennom skogen ute langs vatnet. Me møtte fleire personar eg kjenner, men ikkje kjenner betre enn at dei spurde om eg framleis kunne ha så små barn at dei sat i vogn. Slike spørsmål likar me. Vesle Hedvig sat i vogna og dikta songar om det ho såg langs vegen. Språkutvikling er fascinerande greier.

Juni er i ferd med å gå over til å bli juli, dagane går solvegen mot vest. Kjærasten min sit i stova og spelar piano: “Så tar jag dig til brud i vår for långa ljusa kärleksår,” “Pappa kom hem”, og nå er han over i noko eg kjenner vagt att, men ikkje klarer å finna ut kva er for noko.

I kveld har eg gått meir tur. Kjærasten min og eg tok bilen litt oppover og innover i landskapet for spasera og forografera i det fine kveldslyset. Me har vore i det området Arne Garborg beskreiv på fylgjande måte:

Til deg du heid og bleike myr
med bukkeblad,
der hegre stig og heilo flyg…”

Nå går pianisten i stova over til Prøysen, Amdahl:
“Så seile vi på Mjøsa i en sprukken holk…”
Så slepp eg å bruka halve medvitet på å finna ut kva han speler… I staden tek eg meg i å nynne med og bli usikker på teksten… “Alltid ferske kaker i frå Størens bakeri?”

Myrullen stod og bukka så fint i brisen, kvitare enn vengene til engelen Gabriel for å sitera ein annan norsk lyrikar. Klokkelyngen blømde alt, og kreklingen hang som små svarte perler over steinane.

Dei norske sommarkveldane er god nok grunn til å bli i Norge om sommaren. På veg heim var me bortom kyrkjegarden som ligg ytst i havgapet. Det er ein av dei finaste plassane eg veit om. Havet var stille og blankt i dag, og sola stod lågt. Det må vera ein fin plass å leggja folk til si siste kvile med det opne storhavet og solnedgangen bare nokre meter unna.

Sunniva og Irene reiste tidleg i dag morges på konfirmasjonsleir. Dei var forventningsfulle og glade, og heilt nedlessa av bagasje som dei fann veldig nødvendig å ha med seg. Eg håpar dei får ein fin tur.

Nå ser eg at me er fem minutt inn i juli månad. Her i huset feirer me akkurat nå overgangen med at pianisten min spelar den songen dei alltid syng på amerikanske filmar ved årsskiftet: “Should old aquintance be forgot.”

Calle Fjogstad, ein lokal musikar har laga ei veldig fin omsetjing av denne songen. Eg trur eg avsluttar blogginga for i dag, og ringer inn juli og høgsommaren med hans ord. Og drikk den gode drykk med deg som les dette…

Skal gamal venskap kverva bort,
og ikkje setja far?
Skal gamal venskap kverva bort
med alt som ein gong var?
For alt som ein gong var, min ven,
for alt som ein gong var,
eg drikk en gode drykk med deg,
for alt som ein gong var.

Kom ta mi hand, min trugne ven,
eg gjev deg mi til svar,
eg deler staup og drykk med deg,
for alt som ein gong var.
For alt som ein gong var min ven,
for alt som ein gong var,
eg drikk den gode drykk med deg,
for alt som ein gong var.

Og så kan eg som eit siste PS erklæra meg samd med Ulf Lundell, framleis i Calle si språkdrakt:

Eg trivst best i opne landskap,
nære havet vil eg bu,
det å eiga fred og ro i sinn,
er det beste vil eg tru…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: