Gå til innhald

I dens stille bunn i dens dype grunn

juni 30, 2008

gjemmes livets edelsten. Denne gamle salmen frå barndomen om “Kjærlighet fra Gud” som “springer like ut som en kilde klar og ren,” begynte å tona inne i meg medan eg sat ved kjøkkenbordet og broderte muslingar med jærperler i og høyrde på regnet som sildra ned utanfor glaset.

Eg tenkte på den gamle historia om han som finn ei kostbarperle i ein åker, og så sel han alt han har for å kunna kjøpa åkeren og eiga perla.

Akkurat ei slik perle er trua mi. Ho ber meg gjennom mykje vondt og gjer at eg kan våga å tru at kjærleiken er sterkare enn døden. Ikkje rart at nokon er villige til å gje vekk alt dei har i byte for ei slik perle.

Eg forstår pietistane som var villige til å avstå frå det meste for å halda fast på perla. Dersom eg trudde at det var prisen la vera å gå på kino, dansa eller bruka leppestift og øyrepynt ville eg utan å tenkja meg om gitt avkall på alt saman. Kanskje til og med på å lesa bøker, men det ville ha site lenger inne. I sommar møtte me ein menonittfamilie som avstod frå datamaskinar og TV og gjekk kledde som familien i huset på prærien. Alt dette fordi samfunnet dei høyrte til meinte det var prisen for å bevara perla.

Eg sat og broderte perler med ei bøn om at Sunniva måtte få ei slik sterk og lysande perle som kan bera henne gjennom alt ho skal møta.

Ynskja og tenkja kan ein, men samstundes må ein som foreldre vera klare til å gje slepp. Til å respektera barna sine val om korleis det er best å leva eit liv, kva dei vil tenkja og kva dei vil tru, utan at dei føler at det ikkje var slik me hadde tenkt det. So help me God.

Heilt klarer ein vel ikkje å teia. Då eldsteguten var sånn omtrent femten år sa eg fylgjande: “Eg veit du må velgja korleis ditt liv skal bli, men kan du ikkje lova meg at du ikkje blir satanist eller nynasist.” Me hadde akkurat høyrt på eit program om nynasisme, og eg måtte bare spontant få sagt det. Femtenåringen min himla med augene og sa:
“Kva trur du om meg mor?”

Dagen slutta så fint. Eg har vore i prestegarden på sommarkonsert med Berit Mæland og Beth Elin Byberg. Berit er utdanna frå operaskulen i København. Eg sat to meter frå henne og kunne ikkje la vera å undra meg over kor høgt volum på songen eit så lite menneske kan prestera. Eg tviler ikkje på at det ligg utruleg mykje hardt arbeid bak å kunna formidla song på den måten. Songane vart levande og folk nynna med frå stolar og sofaar i dei to stovene når dei fekk lov til det: Vilja, å vilja…

I pausen var det kaffi og nybakt gjærbakst ute i prestegårdshagen. Det kjendest som å lyfta ein bortimot vanleg sundag opp eit nivå. Etterpå fekk eg lokka Astrid med meg heim for å drikka te og løysa verdsproblem.

Eg har brodert så mykje at nakken kjendest vond og stiv og forstrekt. Eg beordra meg sjølv minst ein halv dag fri og det kjennest allereie mykje betre, heldigvis. Eg har ikkje tid til den slags bortkasting av dyrebar arbeidstid…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Gild konsert i jarkveld, det skal vera visst. Tregar ikkje eit sekund på at eg vart «stand-in» for forsinka syster til A.- og såleis fekk med meg konserten i verdsklasse på ein landsens prestegard på Jæren. Ei oppleving eg ikkje ville vore forutan, ser eg nå. At svoger O vart snurt på meg og ikkje skjøna valet mitt mellom tåball og himmelske tonar frå lerkestrupa frå Københamn-Klepp, får så vera. Heime i stova venta gjester som ville sjå på. Fotballen kunne kvila for meg ein slik vakker junikveld på ein gammal prestegard like ved beitemarkene i det vesle landet ved havet. Berit Mæland må vera eit funn av dei sjeldne, ei røyst for framtida og med ein glød og ein framtoning einkvar kunne misunne henne. Så sat eg då breimed gubben som vart den utvalde i songen, han som fekk rosa og kjærleikskysset- og tenkjer vel at ho valde den nest beste, når sant skal seiast. Men det står respekt av det— -:)
    Og så møttest me der, i desse særskilte omgjevnadane, me som skriv epost og sender «elektroniske trådar» ut i verdsrommet, for å kommunisera og utveksla erfaringar og «ermoringar» oss imydlå. Kva ville vel gamle Garborg tykt om det, der han sat bøygd over dagboka si i skumringstimen på Knudaheio, ein sommarkveld på byrjinga av nittenhundretalet, med berre stearinljoset eller oljelampa som skriveljos?
    «Til deg, du hei og bleike myr, –til deg eg gjev min song, mitt kvad-og tenkjer på dei stakkars kryp som slit med sitt i framtid rå, om hundre år eller så; og ikkje veit kva nauda er, og ikkje kjenner styggen sjøl; og ikkje har den gode del, som eg har vald å fylgja fritt, for alle dei som les og vil, at folk og fridom, kvinne, mann- bokstavleg talt går hand i hand og deler alt, av fattigdom og kav, til dess det riket klårt stig fram, i syningom, ei himmelsk strand, ei Veslemøy i Tuss og Haug, ein heilt ny vår i Alveland, der fagre stunder rår—» (fritt etter AG v/ Stein Myldrup Jarenkrans)
    Samd med deg, Heidi: «Det kjendest som å lyfta ein bortimot vanleg sundag opp eit nivå».-God sommar og takk for triveleg blogg!

  2. Heidi: permalink

    Min mann kan bare trega op at han valde fotballkampen. Dersom det var eg som hadde roser å dela ut skulle eg nok vita å ikkje nøya meg med den nest beste. 😉
    Eg trur Arne Garborg ville blitt mållaus. Har vore og vandra oppfor Holmavatn nå i kveld.
    Etterpå var me ute på den gamle kyrkjegarden… Men lerka stig frå gløymde grav med sigersljod, og vinden stryker inn av hav så mild og god. Og om me kjenner gråt og gruv og saknad sår… Så må me lerkesongen tru som lovar vår, – og sommar…

  3. Heidi: permalink

    På skulle det stå i første linja, ikkje op

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: