Gå til innhald

Går jag över ängarna

juli 1, 2008

en vacker sommardag. Bärer jag mitt hjärta som en blomma…

Sånn trudde eg det var, men då eg prøvde å googla for å finna ut korleis teksten gjekk vidare, fekk eg ingen treff. Kanskje det heiter ängorna, tenkte eg, men det gav heller ingen treff… Så korleis songen utviklar seg fekk eg aldri vita. Eg hugsa bare dei to første linjene. Eg trur sjølv at eg er blitt flink i svensk av denne daglege digitale grensevandringa, men eg oppdagar av og til at ordforrådet mitt, og gramatikkunnskapane er begrensa. Dersom eg verkeleg skal få taket på det svenske språket, må eg nok skaffa meg svensk ordliste og ein grammatikk. Kanskje me skal reisa ein liten runde i Sverige i sommar, då må eg kanskje skaffa meg slike bøker?

Elles brukar eg ofte å kjøpa romanar og lyrikk når eg er i Sverige og Danmark, for dessverre er det vanskeleg å få kjøpt nordiske bøker på originalspråket her i landet. Det kjennest meiningslaust å gå via ein oversetjar når eg les svenske og danske forfattarar. Engelske bøker er det merkeleg nok mykje lettare å få tak i. Eg synest det er ei undervurdering av lesarane å tru at me ikkje skal kunna lesa ein roman på svensk eller dansk.

Men nå sporar eg kraftig av… Poenget med den overskrifta eg ikkje fann heilt ut av, er at dette utan tvil har vore ein vakker sommardag, den første i juli.

Ein kollega av meg hadde invitert til føremiddagsselskap i hagen sin og der sat me ute i sola og åt lunsj og drakk kaffi. Eg hadde plukka med meg, ein etter eige vit veldig fin bukett frå hagen og krukkene mine, med oransje keisarkroner, sjokkrosa roser, prestekragar, blå kantblomar og nokre knallgule stauder eg ikkje kan namnet på. I tillegg hadde eg sett inn nokre lys lilla, litt prestekrageliknande blomar med runde kronblad, som eg heller ikkje veit kva heiter. Eg er veldig glad i blomar, men fingrane mine er langt frå grøne, så eg er kjempestolt av i det heile tatt å ha noko å plukka med meg…

Optikaren min veit eg at eg har skrive om før, men i dag fortener han endå meir hederleg omtale. Han er så venleg, omtenksom og service- innstilt at eg blir reint rørt. Ein synstest viste at synet var som før på det venstre auget, medan synet på det høgre hadde forandra seg frå -1,5 til -2,5. Så nå trong eg like sterke glas på begge auga. I tillegg treng eg prismeglas på grunn av dårleg samsyn.

Eg var innstilt på at eg måtte ha heilt nye briller, men han meinte at dersom eg heller ville det, var det ikkje noko problem for han å bare skifta ut det eine glaset, og solbriller med styrke skulle han klara å få til for godt under tusenlappen. Det var eigentleg derfor eg kom. Eg har funne ut at solbriller, det ville det vera fint å ha i Spania.

Eg har aldri i mitt vaksne liv hatt solbriller fordi eg er dårleg hjulpen av farga glas utan styrke, og trudde det ville ha kosta ei formue å få det til med alle mine spesielle behova eg har reint synsmessig.

Då eg brakk ei brillestong for eit par år sidan, fekk same optikaren spesialbestillt ei ny frå fabrikken slik at eg slapp å kjøpa nye innfatningar.
Det ville ha vore den minste kunst for ein optikar å fortelja meg at mine behov var langt dyrare enn dette…

Eg spurte om eg eigentleg hadde behov for eit par lesebriller fordi det vart litt vanskelegare å lesa med den nye styrken. Då svara han heilt ærleg at det ville han ikkje anbefala. “Du er ikkje typen til det, for å ha verkeleg nytte av det måtte du veksla mellom to brillepar heile tida…” -Menneskekjennar ser han og ut til å vera…

Og så er det ein fryd å sjå korleis denne mannen med kjærleik i blikket tilbyr seg å pussa, polera, retta opp og fiksa på alle par briller som tilfeldigvis kjem innom butikken hans. Hipp hurra for alle som er dyktige fagfolk på sitt område, og som verkeleg strekkjer seg for å hjelpa folk.

Glad og fornøgd kunne eg sykla frå optikaren på ein sykkel som kjærasten min, heilt utan hjelp frå Oddvar, hadde klart å trylla om til eit heilt akseptabelt kjøretøy sidan sist. Ved hjelp av smøreolje og litt justering av kjettingbeskyttaren gjekk han som ein draum, og laga ingen irriterande eller pinlige lydar…

Eg kjøpte med meg ei korg jordbær og sykla bort til onkelen min, som hadde fått ein ny rullestol til utebruk frå hjelpemiddelsentralen. Nå kan han, trass i snart heilt ubrukelege kne, igjen kan klippa hekkar og luka bed. Slike ting aukar livskvaliteten hans med tusen hakk… Eg henta ein stol til meg sjølv, og så sat me i hagen hans og åt jordbær og hadde det bra. Då eg sykla der i frå hadde eg sykkelkorga full av kvit sjasmin. Ingenting luktar så godt som sjasmin i juli.

På veg heim fekk eg plukka med meg den kvite paraplyen med svarte prikkar. Eg gløymde han på konserten på prestegarden, og prosten hadde teke hand om han. Slike som meg burde strengt tatt ikkje ha paraply. Det medfører mykje ekstraarbeid for mange instansar…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nå fann eg det ut! Grunnen til at eg ikkje fekk treff var at eg hugsa teksten feil. La det vera ein advarsel mot å tru at det eg siterer er rett. Eg hadde gløymt at det er Gøran Friistorp som bruker synga denne, det er eit dikt av Nils Ferlin. Eg vil ikkje forandra innlegget mitt, men fekk lyst til å skriva diktet her i kommentarfeltet. Det er ein vakker tekst som passar ein fin julidag, sjølv om skördeskoret nok får venta litt:

    Men går jag över ängarna,
    der himmelen er vid,
    då sägen mej,
    ty händerna er tomma
    då sägen mej i skördeskor
    i skördeandens tid
    Vem ger mej sitt hjärta
    som en blomma?

    Vem ger mej sitt hjärta
    som en glädje och en tröst,
    som en doft,
    som ville leka mej om kinden,
    at jag på mina stigar
    mot förgängelse och höst
    inte räds för
    den yttersta grinden.

  2. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Ferlin är fin!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Ja, nydeleg. Det vart dagens tekst for meg.

  4. Ukjend's avatar
    kjeld-erik holden permalink

    Du har nok? skrevet feil av. Heidi. Det heter (tror jeg): då sägen mej, I skørderskor i skørdeandens tid

  5. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Det har du sikkert rett i. Nå måtte eg setja meg ned og tenka litt. 🙂

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar