Gå til innhald

Dette rare, sårbare livet.

juli 21, 2008

Ein god venn av meg har med far sin hit. For relativt kort tid sidan fekk han konstatert ein demens- sjukdom, og for eit år sidan kjørte han framleis bil. Sjukomen har utvikla seg raskt, så nå må han slita med ganske stor grad av forvirring. Han gløymer kor han er, og korfor han er her. Han gløymer kor han har romet sitt, kva sonen heiter og kven barnebarna er.

Han har hatt eit langt liv i Frelserarmeen, og om det meste av andre ting glepp og glir og blir forvirrande, så sit Fadervår og diverse salmer og songer med mange vers som spikra. Under eit felles Fadervår trur eg han har den gode kjensla av å meistra livet. Heile familien hans er kjempeflinke til å fylgja han opp, og dei er saman med han på skift. Det er vakkert og trist på same tid å observera frå sidelinja.

Eg snakka med han ei stund han var ganske klar om situasjonen. Då sa han at han måtte prøva å godta ting som dei var, og stola på at Han der oppe hadde oversikten. Han fortalde at heile sitt liv hadde han opplevd at han kunne føla seg leda til å gjera det eine eller det andre, og at han plutseleg seinare skulle visa seg å vera ein grunn til at ting vart som dei vart. Og han måtte prøva å tenkja slik nå og når hukommelsen svikta han.

Eg har ofte tenkt at det er ein kunst å bli skrøpeleg. Det å kunna våga å overgi seg til ein situasjon der me treng hjelp til det eine og det andre, og kanskje bli nøydt til å gje slepp på den mentale kontrollen. Nå kan ein nok aldri forestilla seg korleis ein slik situasjon vil vera før ein er der, heldigvis, kan ein sikkert seia…

Nå har me ete frokost her, og me sit ute på den felles terrassen og drikk kaffi. Rundt meg sviv det mange interessante samtalar, som eg ikkje kan la vera å få med meg fragment av, her eg sit usynleg og skriv på eit bord for meg sjølv. Ungdomane våre har sitt eige opplegg, og klarer seg meir eller mindre sjølv i systemet her. Ungdomsleiarane er kjempefine, dei er ca tjue år gamle alle tre, og inkluderande og entusiastiske på ein måte som imponerer meg. I morgon skal dei ha med seg heile gjengen ut og snorkla, og det gler mine seg veldig til.

I går hadde eg eit merkeleg oppdrag på gudstenesta. Presten fekk vita at eg tok forteljaroppdrag, og han spurde om eg kunne tenkja meg å leggja den eine leseteksten fram som forteljing. Eg har gjort liknande ting før, men det spesielle denne gongen var at teksten var avskilstalen som Paulus haldt for eldstebrørne i kyrkjelyden i Efesos. For å kunna gjera det skikkeleg, måtte eg først lesa heile apostelgjerningane slik at eg hadde trådane, og så måtte eg læra den delen av talen som skulle brukast utanåt. Det var litt surrealistisk å skulla halda ein tale Paulus skreiv for snart to tusen år sidan, på mi eiga dialekt, frå ein preikestol i ei kyrkje i Spania. – Men det gjekk greitt…

Etterpå var det deilig å kunna bruka store deler av dagen til å liggja i sola, symja i bassenget og lesa om Leonardo da Vinci og kunsten hans.

Om kvelden var me ein stor gjeng som reiste ned til Villa Joiosa, har eg lært å stava namnet på byen rett, mon tru, for å eta middag på ein kinaestaurant, der me sat på ein veranda med usikt over havet. Etterpå tok Torhild oss med til ein sjokoladekafe der me sat ute på fortauet rundt småbord og dyppa oppskorne bitar av ulike frukter i varm sjokoladefondue… Det er godt ein då kan eta tynn havregraut og hardkokte egg til frokost dagen etter… Ein del av dei innfødte hadde ein variant der dei dyppa gigantiske smultringar i vam sjokolade, det må då vera endå verre…

Eit par fedrar underviser ungane sine i symjekunsten borte i bassenget. Dei fleste andre har trukke kvar til sitt, for å ta bussen ned til stranda eller for å dra på turar rundt i området. Ein dag begynnar…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. May Brit permalink

    Herlig heidi – skulle likt å høyre deg framføra paulus sine ord….
    savner deg – hils om deg – klem

  2. Heidi: permalink

    Eg gler meg til å sjå deg igjen og, men først skal eg nyta ferien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: