Gå til innhald

På oppdagingsferd.

juli 22, 2008

I dag reiste ungdomane i veg på tur med buss og båt for å snorkla ved eit korallrev. Dei hadde kjøpt seg dykkarmasker, snorklar og symjeføter og var veldig klare etter å ha øvd seg på snorkelbruk i bassenget her. Då dei var vel i veg vart kjærasten min uroleg for dei. Han lurte på om me hadde sagt tydeleg nok i frå til Halvard. at han måtte vera forsiktig. Han prøvde til og med å ringa mobilen, men ingen svarte, og me slo oss til ro med at det gjekk vel bra, Dei hadde jo med seg mange vaksne.

Og der gjekk batteriet på pc-en. Derfor skriv eg vidare nå.

Sidan eg og kjærasten hadde dagen ledig til akkurat det me hadde lyst til, gjekk me først ned til Villajoiosa. Me passerte alle hundane som passar på husa, og alle kattane, som ser ut til å vera ein slankare rase enn dei me har heime. Heime liker kattane våre å leggja seg i strimer med sol, her søkjer dei stadar med skugge.

Då me kom til sentrum, sette me oss på toget, og tok den smalspora jernbanen til endestasjonen i nord, Denia. Det viste seg å vera ein lenger tur enn me trudde, det tok ca to timar kvar veg. Toget bukta seg langs høge fjellsider og det humpa og det rista. Me gjekk omtrent gjennom hagane til folk, og på nokre av dei smale små stasjonane hadde folk sett ut kjøkkenstolar og kontorstolar som ventande kunne sitja på. Dei sat då så nære at dei kunne ta på toget når det kom. Me passerte borgar og kyrkjer med blå kuplar og med gullkuplar, byar på fjelltoppar og gamle akvedukter.

I Denia tok me oss eit par timars pause før me tok toget tilbake. Halvparten av tida brukte me på ein liten fortausrestaurant der me fekk nydeleg mat, for min del asparges rulla inn i spekeskinke og grilla pepperfrukter.
På veg tilbake sat me delvis og høyrde musikk med kvar vår øyrepropp, slik at det spanske fjellandskapet vart kommentert av Vamp.

Då me kom heim fant me ut at me faktisk hadde hatt grunn til å vera engstelege for Halvard. Han hadde sklidd på ein veldig glatt stein før snorklinga begynte, og hadde slått halebeinet kraftig. Han hadde klart å vera med på det som foregjekk ute i sjøen, men då han kom opp att hadde han skikkeleg kraftige smerter. Heldigvis har me med oss ein sjukepleiar på turen. Ho såg på han og delte ut tablettar, og forespegla han og oss på at det nok kunne koma til å gjera skikkeleg vondt dei komande dagane og.

I dag, onsdag kjennest det heldigvis litt betre. Ha har til og med klart å vera med på ein kjempefin busstur med safari i ein villmarkspark. Ved hjelp av litt smertestillande og ein badering nokre snille menneske gav oss, har han hatt stor glede av turen. Turen var slik at me fekk fylgja foringsbilen i buss og vera med ut og mata dyra som for det meste fekk gå fritt på området. Dei tre ungdomane våre har alle prøvd å ha ein lang og tjukk kvelarslange rundt halsen, dei har mata flodhestar og klappa elefantar.

Turen gjekk opp i ca tusen meters høgde, eller kanskje litt høgare, og temperaturen der var skandinavisk behageleg. Bare ein times kjøretur frå turiststrendene kjem ein opp i eit spennande fjellandskap. Det er imponerande å sjå alle steinterrassane overalt som stammar frå maurartida. Arbeidet med jærske steingardar blir liksom litt mindre imponerande sett i lys av den usannsynlege arbeidsinnsatsen som må ligga bak kulturlandskapet her i Spania.

I kveld skal eg presentera Kristuskransen på eit kveldsmøte. Det er kanskje på tide at eg set meg ned for å førebu meg. Kristuskransen er gjennomgangstemaet på barnesamlingane, så eg har det for så vidt under huda, men det blir alltid annleis med vaksne. I tillegg prøver eg å læra ungane litt spansk. Det skal eg ikkje forsøka meg på i kveld.

Buenos tardes.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Det röä så rokligt att höra vad du har för dig! Och så skönt att det inte var värre med Halvard!

  2. Heidi permalink

    ja, heldigvis. Det går endå betre i dag. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: