Undulatane kvitrar
og takvinduet står ope. Dagane flyt i veg. Livet har alt blitt til august med skiftande skydekke og feriepuls.
I går kom Tonja og Ida på overnattingsbesøk. Me lånte film og mekka ferdigpizza. Med stova full av tenåringar gjekk eg og la meg fordi eg var så trøytt.
Likevel vakna eg seint. Eg har nok litt å ta igjen når det gjeld søvn. Jensi kom ned med Vilde, og Oddvar dukka opp. Så var me verkeleg mange meir eller mindre fastbuande i heimen. Jensi fekk kaffi på verandaen, og der vart eg sitjande å lesa tre aviser. Det tok fleire timar.
Det var deilig i sola og svalt når sola var bak skyer, og eg måtte setja kaffikoppen på avisa for at ho ikkje skulle fly vekk med vinden.
Så var det miksing av ingredienser til ei stor skål vaffelrøre. Klokka nærmar seg fire og det kjennest som om det framleis er morgon. Det er på tide å begynna å brodera.
På mandag kjører me austover for å vera i lag med svigerfamilien.
Eg har som vane å av og til gå baklengs i arkivet mitt for å lesa kva eg gjorde og tenkte på same tida for eitt og to og tre og fire år sidan. Eg oppdagar at livet er meir syklisk enn ein kanskje trur. Livet, i alle fall mitt, blir levd etter spiralprinsippet og med månadar og årstider dukker dei same kjenslene og tankane opp som i fjor og åra før der igjen. I følge mine eigne former for tidevatn, flo og fjøre, er eg i rute.
Men som sagt, det er på høg tid å træ nåla.
Heidi