Deg å få skode er sæla å nå.
Song Sindre i kyrkja i dag. Han er i ferd med å utdanna seg innan song. Og i glimt skodar eg Gud på gudstenestane i Bryne kyrkje… Og overalt elles og…
I kveldinga i går la meg og kjærasten min i veg til stranda for å gå ein tur. Det var hans forslag å ta med badetøy. Eg hadde ikkje så stor tru på at me kom til å få brukt det, for det var sånn kveldskjøleg lufta og eit kaldt sjøbad frista ikkje så veldig.
Men då me kom ned dit sat Kirsten på toppen av ei sanddyne og sa at me måtte bare bada, vatnet var kokvarmt… Kokvarmt og kokvarmt, tenkte eg. Det er eit relativt omgrep, og det er ikkje kvar sommar det blir meir enn 16 grader langs strendene våre. Det er sjølvaste storhavet som står på, og ingen land i sikte før ein kjem til England eller Island…
Men med så varme anbefalingar og eigne kjenningar av tær mot bølger, fann me ut at me faktisk hadde lyst til å bada. Det var store bølger og bølgene braut så brutalt at det ikkje var noko snakk om pysetilnærming til sjøbadet, her var det bare å koma seg uti. Rundt oss var det ein gjeng bølgesurfarar med våtdrakter og brett som prøvde å ri bølgene, men det såg ikkje heilt lett ut.
Det viste seg faktisk å vera behageleg temperatur i vatnet. Eg trur det kan ha vore 18-19 grader både i lufta og i vatnet. I kveldslyset var det oppkava sjøvatnet mørkt flaskegrønt med kvitt skum, det var vanskeleg å sjå noko i vatnet, og eg var borti brennmanettrådar utan å vera i stand til å lokalisera nokon brennmanet. Reint bortsett frå det var det herleg å bada, det var varmt nok til å vera lenge uti, og det å bada i høge bølger under ein himmel som vart stadig mørkare var reint trolsk.
I Spania er det ingen som bruker den norske omkledningsmåten med å ta av og på seg badetøy inni eit badehandkle. Den danske metoden med å ta av og på seg badetøy utan eit badehandkle brukar dei slett ikkje. Der kjem ein til stranda ferdig kledd og forlet åstaden i same antrekket. Grunnen er truleg at i den temperaturen risikerer ein verken blærebetennelse, lungebetennelse eller gikt om ein lar dei våte badeklærne tørka på kroppen… I går var det herleg å få på seg tørre klær att med badehandklemetoden, og så gå ein tur langs stranda. Då me var på veg til bilen kom regnet, og så opna alle sluser seg før tora begynte å slå.
Me var ein tur innom onkel som fortalde om somrane for sytti år sidan då ein nabo reiste ned til sjøen med lastebil i kveldinga i augustmånad. Alle som ville vera med betalte ei krone kvar og så stod dei tett i tett på lasteplanet for å bada i sjøen til det begynte å mørkna. Eg trur eg må skriva ned ein del av barndomshistoriane hans, det er lokalhistorie som det er verd å ta vare på til skuleungane her.
Då alle mann var vel i hus og det var på tide å leggja seg braka toreveret verkeleg laus. Det tordna så huset rista, og lyna flerra himmelen. Eg høyrte dei tre jentene våre på veg ned trappa. På loftsrom med takvindu vart det eit skodespel som var i sterkaste laget, og nå søkte dei tilflukt i stova. Eg gjekk inn til dei og saman telde me antal sekund mellom lyn og torden. Ei stund var det like over oss, og lynet skal ha slått ned i eit tre ein plass her i området.
Det fekk meg til å hugsa andre gonger eg har site tett saman med familien og høyrt tora slå. Eg hugser spesielt ein gong hos farmor og farfar. Eg var nede i vatnet og bada i lag med far, og plutseleg var det mørkt som på natta og eit forrykande torever. Me sat i stova med stearinlys fordi straumen forsvann og høyrde på braka.
Eg tenkte at natta i natt kanskje blir ei slik natt jentene kjem til å hugsa.
Så det var ikkje utan grunn at klokkaren ynskte oss “Velkomen til gudsteneste etter ei elektrisk natt…”
Eg har invitert mor og far på vafler, men plutseleg var det noko gale med vaffeljernet, kvar gong me sette i kontakten sprengde sikringane. Så fekk det bli sjokoladekake i staden… Nå må eg ned og rydda og setja over kaffien. Eg vakna grytidleg i dagmorges og fekk brodert i eit par timar medan eg høyrde flotte program på P2: På livet laus, Klar ein klassikar, og Språkteigen. Det kan anbefalast å koma seg opp om morgonen. Den siste setningen var eit godt råd til meg sjølv, men det spørst i kor stor grad eg er mottakeleg…
Heidi
Ja! Du måste skriva ner alla berättelser du hör och minns!
Helst här…
Jag förstår inte var det där regnet är sm alla prataa (oh skriver på internet om) för här har solen skinit hela dagen. Fast min dotter tvärs över Berget (Billingen) har haft rejält regn.
Vi har en veckas lov kvar, hur mycket har ni? (Vi behöver dock int egöra så mycket förrän i slutet på nästnästa vecka, även om det är arbetsdagar på papperet.)
Me startar onsdag ikkje i veka som kjem men i den neste med tre planleggingsdagar. Men først skal eg nyta siste rest av ferien…